Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Lag 2 hakket betre i naboduell

G16: To av dei tre laga våre i G16-klassen spelar i same serie og torsdag møttest dei til dyst på Kvednabekkjen.
 

Ein betydeleg jamnare kamp enn møtet i vår, men Trio/Halsnøy viste likevel tidleg at dei er blant avdelingas beste lag og kontrollerte kampen etter to mål på første fem minutta. Sidan jamna det seg ut og sjølv om berre eitt lag fekk utteljing i målprotokollen, var sjansestatistikken om lag 5-10. Men dei store sjansane som lag 3 kom til rydda keeper Vebjørn opp i på sikkert vis. Kampen gjekk elles fredeleg for seg med ein god tone mellom laga. Mest ståhei vart det då flomlyset slo seg av tre minutt før kampslutt :)

 

Heile 6 G14-spelarar fekk sjansen i kampen, 4 på lag 2 og 2 på lag 3. Trearlaget har slite med frammøtet til kamp i haust og reiste med berre 10 mann til bortekamp på Tysnes sist helg, men i gårkveld mønstra dei heile 17 spelarar til dyst. Med eitt fråver hadde lag 2 berre 13 mann å rutte med, men det er som regel meir enn nok det og.

 

I neste veke har lag 3 bortekamp mot Rosendal torsdag, medan lag 2 har heimekamp mot Bremnes 2 søndagen. Så nærmar det seg at begge lag skal delta på Regy Cup i Haugesund helga 25.-27.september.

Kampfakta frå Kvednabekkjen

G16: Trio/Halsnøy3-Trio/Halsnøy2 0-5 (0-3)

0-1 (4 minutt) Rasmus Eik Sjo

0-2 (6 minutt) Ruben Saug

0-3 (27 minutt) Nikolai Mayer

0-4 (52 minutt) Håvard Vågen

0-5 (56 minutt) Nikolai Mayer

 

Dommar: Are Ulseth

Gult kort: Rasmus Eik Sjo og Mikal Øvstebø (TH2)

 

Trio/Halsnøy3 sitt lag:

Preben Rød Heimvik, Tommy Heimvik, Imam Eldi, Espen Aakre Sjo, Eivind Raudstein Tofte, Sindre Lemicka Brix, Gunnar Røssland, Alexander Johnsen, Mathias Grindheim, Eirik Alexander Warberg, Senadin Foric, Loc Nguyen, Håvard Hope, Mathias Gjelseng, Dion Clifton Attille, Tristan Andre Fredlund, Sebastian Blom.

 

Trio/Halsnøy2 sitt lag:
Vebjørn Røssland, Tarmo Tars, Mikal Øvstebø, Sander Eik Vevik, Marcus Størksen, Håvard Vågen, Ruben Saug, Sindre Benjaminson, Nikolai Mayer, Sander Dolonen Brækken, Rasmus Eik Sjo, Ole Martin Byrknes, Marcus Røen.

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart