Lagoppstilling
Andreas Eide
Warhel Suleman, Ronny Hamre (C), Henrik L. Røssland, Aleksander B. Ekeland
Martin Veastad, Futsum Mebrathu, Endre Eide, Vemund Grønstøl
Simon Korttila, Roger Røssland
Reserva
Andreas Charter Røyrvik
Telavåg - Trio 1-1 (0-1)
0-1. 45 min. Martin Veastad
1-1. 90 min
Me fekk mange forfall før denne kampen og me reiste til Sotra med bare ein innbyttar. Andreas Charter Røyrvik skulle i utgangspunktet ikkje vera pga han nettopp er komt tilbake frå skade. Men han stilte sporty opp.
Kampen starta med eit langskot frå avspark av Henrik då han såg at keeperen stod langt ute (16meteren). Skotet hadde riktig retning men skrudde rett til venstre for stolpen. Keeper hadde ikkje tatt den om skotet hadde gått innanfor stengene.
Trio hadde ballen mest i første omgang og me var spesielt farlig på vår høgre side ved Martin. Han brukte farten sin og gjekk forbi deira back gong på gong. Han kom til fleire innegg men Telavåg fekk rydda opp.
Telavåg var mest farleg på dødball men fekk ikkje avslutta på mål. Den største sjansen vår kom etter eit hardt slått innlegg frå høgre. Ballen fant Aleksander som curla ballen i krysstolpen frå 7 meter. På returen skulle bare Martin setta ballen i det tomme målet, men han fekk litt ryggsekk og satte ballen over mål frå 5 meter. Simon var også frampå ved to anledningar då han kom aleine med keeper to gonger. Men vinkelen var veldig liten og han makta ikkje å setja ballen forbi deira keeper.
1-0
Etter ca 45 min gjorde Martin opp for megabommen tidligare. På eit godt slått innlegg frå Endre dukka Martin opp i feltet. Han kom i stor fart og stanga ballen hardt til side for keeper. Eit flott hovudstøtt av Martin og fullt fortjent ledelse til Trio.
I pausen snakka me om å drepa kampen. Me måtte begynna å setja ballen i mål når me hadde muligheten og me måtte fortsetta å utfordra backane deira.
Andre omgang var litt jevnare. Telavåg slo mykje langt på den høge spissen. Han prøvde å flikka vidare på løp som kom bak i frå. Martin og Simon hadde ein god kamp og kom seg mykje fri på kantane. Dei tok med seg backane på tur svært ofta og kom til nokre sjansar. At me ikkje klarte å scora fleire mål i denne kampen er utruleg.
Etter ca 70 minutt foretok Trio sitt første bytte. Roger gjekk ut og inn kom Charter Røyrvik etter å ha vore skada i 4 veker. Men ti minuttar etterpå begynte Vemund, Simon og Martin å slita. Vemund hadde smerter i ein trøblete lårmuskel mens Martin og Simon hadde krampe i begge bein. Me hadde ikkje anna valg en å bytta innpå Roger igjen. Vemund hadde mest vondt så det var han som fekk gå av banen.
Telavåg bytta innpå fleire høge spelera og slo no konsekvent langt og høgt mot dei. Då kampen var på overtid var Trio i angrep. Dommaren sa det var 1 minutt igjen. Alt me trengte å gjera var å holda på ballen nede ved cornerflagget. Det luraste hadde vore å knust ballen til kast og så last dei av. Då hadde me hindra dei i å setta ballen raskt i gong. Men dessverre så valgte ein å avslutta med eit lompeskudd på mål. Keeper plukka enkelt opp ballen og slo ballen langt opp. Vinden tok tak i ballen og ballen dabba 30 meter fra mål. Trioforsvaret fekk klarert til corner. Telavåg flytta opp absolutt alt dei hadde, inkludert keeper. Ronny fekk eit hovud på corneren men ballen var fremdeles inne i vår 16 meter. Etter mykje klabb og babb enda ballen opp i beina til deira keeper som smalt ballen til side for Eide i mål. 1-1.
Det var eit stort slag i trynet. Uavgjort kjentes som eit tap. Me var i angrep med bare 1 minutt igjen å spela. Det einaste ein skulle gjera var å halda ballen der oppe eller feia ballen ut til kast. Når det siste overtidsminuttet var over så ligg ballen i våras nett. Utrulig bittert.
Me har hatt mykje utur i det siste. I dag hadde me fortjent å vinna. Hadde me hatt fleire innbyttare med til byen så kunne me ha avslutta kampen med friske bein. Men ein må sjå på kva ein har tilgjengelig og ikkje dvela over kva som kunne vore. Både Fitjar og Stord2 vant sine kampar så det begynner å tetta seg til bak oss. Me har ein hengekamp heima mot NHH førstkommande onsdag. Den skal me vinna!!
-Henrik L. Røssland-