|
Forsiktige jenter, men avstanden halvert | | | | | J12: Trio-Solid 0-5. Trio sitt J12-lag spelte søndag ein utsatt kamp mot Solid på Kvednabekkjen. Det var Solid jentene debuterte mot i april med 9-målstap (3-12). No var avstanden kutta til 5, men det kunne gått så mykje bedre. | | | Etter framgong sist mot Rubben, med godt duellspel og innsats, var det eit par steg tilbake i dag mot Solid. Banespelet er relativt jevnt, men inne i begge målgårdane er vi altfor beskjedne og veldig ofte tilskuar til det som skjer rundt kula. Første halvdel av opningsomgangen er jevnspelt, med nokon fleire sjansar til Solid. Madel er imidlertid på hugget i mål og har blant anna ein fotparade ved nærmaste stolpe av høg klasse. | | |  | | Minst forsiktig: Synna. |
I andre del av 1. omgong og starten av 2. omgang får Solidjentene stå i fred føre vårt mål til både slå «ferdig-scora pasningar» og å skyta. 5 mål kjem i denne perioden. Eine målet kjem på ein corner der vi ikkje følger med og er opptatt av andre ting (?!). Synna er 11 og minst av vekst av alle på laget, men er likevel den som spring mest og vinn flest duellar av jentene i dag. Då veit vi at det ikkje er fysikken det står på – men vilje! Etter 0-5 og ein meir på banen jevna det seg ut igjen og vi har fleire store sjansar, spesielt ved Ida, men det ville seg ikkje føre mål i dag. | | | Fotballmessig ikkje den heilt store forskjellen på laga, men Solid-jentene er meir «tilstede» og har større guts og vilje enn våre 12-åringar, spesielt føre måla. At vi har redusert betydelig på avstanden mellom laga sidan april var likevel åpenbart :) | | | God dommar var 14-åringen Jonas Teigen. Ny sjanse til å vera mindre forsiktig på tirsdag, då er det bortekamp mot Stord. | | | Trio sitt lag: Madel G. Gausvik, Synna H. Gjerding, Oliwia Chlebowicz, Gina E. Lindås, Ida E. Brix, Luwam Tella, Siren K. Rusten, Synne H. Lee, Emma S. Meling, Emma Kaldestad. | | | - Per Einar | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |