|
Flott kamp mot Stord | | J12: Stord-Trio 2-1. 12-åringane på jentesida møtte Stord til dyst for fjerde gong tirsdag. Tidligare i år har vi tapt 0-8, 0-4 og 3-5. | | |  | | Bestemannspremien til Oliwia i dag. |
Opptakten var ikkje den aller beste. Først måtte vi etterlate ei jente på Statoil då vi mangla ein bil for å få med 11 jenter. Ikkje særlig kjekt å fortelle ei 12-årig jente at ho ikkje får vere med på sin første bortekamp, som ho nok hadde gleda seg til, men vi hadde ikkje alternativ då ingen andre kunne kjøra. Neste komplikasjon dukka opp på vei inn i Halsnøytunnellen, då vi slo fast at det var delt ut drakter til noken på Statoil, og posen stod trygt plassert igjen på Statoil. Godt å møta på Are Ulseth og G14 med dobbelt draktsett med seg då, så ordna det seg :) På toppen av alt fekk vi begynna litt før og fekk dermed litt slakk til ein ettertrakta pit-stop på Rema 1000 etter kampen.
| | | Resten av utflukten blei ein stor opptur etter ein relativt svak prestasjon mot Solid heime sist. Vi snakka kun om ein ting før kampen og det var å bli tøffare ute på banen, spesielt føre dei 2 måla. Jentene tok denne utfordringa på strak arm. Med hærførar Oliwia i spissen kjempa jentene som løver i store deler av kampen og gjorde ein god figur mot seiersvante Stord jenter. Vi får rett nok 2 mål i mot i første omgong etter litt klabb og babb i eget felt som kunne vore unngått om vi hadde vore litt meir bestemt. Jentene fekk skryt i pausen for stor framgong frå sist kamp.
| | |  | | Madel med ein kanon andreomgang i mål. |
Jentene syns det var stas med skryt og går faktisk ut og vinn 2. omgong 1-0. Vi skapar 4-5 store sjansar uten å scora på dei ved Nadine og Ida. Litt typisk at det er eit langt framspel frå Oliwia som går i mål etter ein rask stuss som lurer keeper og går i mål når dei store sjansane ikkje ville inn. Til slutt hadde det ikkje vore noke å sei på om Trio jentene hadde fått utligna ledelsen til Stord. I motsatt ende hadde Stord sine sjansar på kontra når vi låg høgt for å utlikna, men Madel sto fantastisk bra i mål og redda alt som kom, inkludert 2 gonger der dei kom åleine gjennom med ho. Dette var keeperspel av høg klasse der ho uredd kjem ut og møter og går seirande ut begge gongene. Det endar med ein 2-1 seier til Stord, men vi er smilande og fornøgde alle i hop etter å ha gjort ein svært god prestasjon.
| | | Kjekt å sjå på jentene i dag. Det viser seg ofte i fotball at når nokon går føre, trør til og vinn duellar, smittar det over på fleire. Sånn var det i dag, der Oliwia vant ball veldig ofte og dei andre fulgte opp. Godt eksempel på dette var då Synna fekk eit kne opp i ansiktet og måtte ut og kjøla ned hovudet litt før ho var utpå igjen. Stord-jenta «med kneet» blei meir skada, ho blei båren ut. Begge kom dog innpå igjen og det heile gjekk bra. Oliwia satte sjølv prikken over i-en då ho fekk frispark mot seg i ein god duell om kula. Underteikna hadde lova å klappa første gong (i historien) vi faktisk laga eit frispark og fulgte opp med ståande applaus :)
| | | Nesten synd at det er pause i 2 veker no, då er det heimekamp mot Trott, der har vi eit 0-7 tap frå i vår å forbedra gjennom god prestasjon på banen.
| | | Trio sitt lag: Helene V. Eikenes, Madel G. Gausvik, Synna H. Gjerding, Sandra Støle, Oliwia Chlebowicz, Gina E. Lindås, Ida E. Brix, Luwam M. Kahsay, Nadine Morstad, Synne H. Lee.
| | | - Karen Anne og Per Einar | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |