|
Strålande innsats! | | | | | G13: Trio-Djerv 1919 2-3. I kveld var Trio G13 vertskap for ein ny kamp på Kvednabekkjen. På motsatt side stod tabelleiar Djerv1919 I. Sidan Joakim vart skada i sist kamp, og at Daniel var sjuk, så vart det nokre rokeringar i startoppstillinga. Men dette tok gutane på strak arm. | | |  | | Flott scoring av Brynjar. | Vi starta med god aggressivitet og god innsats iduellane, og var fullt på høgde med Djerv i starten. Sjølv om Djerv kom til nokre gode sjansar, blant anna eit par som gjekk i stolpane, så klarte dei ikkje få ballen i nota. Vi var frampå ved eit par anledningar, og midtvegs i omgangen var det Brynjar som sneik seg inn frå kanten og sette inn 1-0. Skoringa kom etter flott spel frå bak i banen, der ballen endar hos Mads som trer ein nydeleg strikkar gjennom til Brynjar. Kanskje ikkje heilt fortent, men ei deilig skoring etter flott spel. Banespelet jamna seg no noko meir ut, og gutane jobba som heltar. Rett før pause er det Djerv som spelar ein ball gjennom i midten. Vi kjem litt på hælane, og det endar med ei takling som det vert dømt straffe på. Torstein er nær ei god redning, men Djerv får utlikninga si, og vi går til pause med 1-1. | | | | Andre omgang startar med eit par balltap på midten, som gjer at vi kjem litt bakpå. Djerv er veldig aggressive og pressar oss hard frå start. Det går difor ikkje meir enn 10 minuttar før dei har scora to gonger. No heng vi litt med hovudet, men skjerper oss etter kvart. Gutane fortset med den gode jobbinga, og klarar etter kvart og kjempa seg inn att i kampen. Vi er tøffare i duellane, og klarar ved fleire anledningar å spela oss litt høgare i banen. 10 minuttar før slutt får vi eit hjørnespark, som går via ein Djerv-spelar og i mål. Og då vert det kamp igjen. Spelet bølgjer fram og tilbake, og vi riv og slit i motstandarane så dei ikkje får den tida dei treng for å setja spikaren i kista. Sjølv slit vi med å spela oss til dei store sjansane, men gir det vi har av krefter, og viser ein strålande innsats dei siste minuttane. Likevel endar kampen med eit knepet tap, og vi kan vel ikkje sei anna enn ein fortent siger til Djerv 1919. | | | | Vi kan likevel vera nøgd med det vi viste på banen i kveld. Om ikkje vi fekk spelet til å gå slik vi ville, så la vi i allefall ned ein kjempeinnsats. Fleire gutar enn tidlegare fekk prøva seg, og allesom ein gjorde alt dei kunne. Vi tek med oss den strålande innsatsen vidare, og veit at den vil gje oss poeng utover hausten. GODT JOBBA GUTAR! | | | | Spelarar: Torstein, Sander S, Lars, Isak, Brynjar, Martin, Mads, Emil, Markus, Magnus T, Magnus V og Alen. | | | | - Tore og Osa | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |