|
Poengdeling i jamn kamp | | G14: Solid-Trio1 2-2. Ein jamn og spanande kamp i Hustredalen, der vi med enda meir guts og fandenivoldskhet kunne teke sigeren heim. Men årets mål serverte vi i allefall i denne kampen. Tarmo leverte eit frispark som Per Egil Ahlsen ville vore stolt av. | | |  | | Årets mål uansett nivå av Tarmo! |
No i kveld har visst ein Roma-spelar scora eit småpent mål i sjampinjongligaen, men Tarmo sitt perlefrispark tek kaka. Frå 30 meter deisa han ballen heilt opp i vinkelen! Og då var vi inne i kampen igjen, etter at Solid hadde gått til pause med fortent 1-0-leiing i ein omgang som var sånn passe, men med litt for lite guts og tenning. Vi hadde i grunn berre ein skikkeleg sjanse i første omgang, då Sander fann Vegard med eit fint gjennomspel og skotet gjekk rett over. Solid kom heller ikkje til så mange sjansar, men hadde ei viss føring i banespelet. | | |  | | Vakker frisparkscoring også av Ole Martin. |
Solid la også på til 2-0 tidleg i andre, før altså Tarmo reduserte berre fem minutt etter. Og Ole Martin ville ikkje vera noko dårlegare. Med nytt frispark utanfor spissen på 16-meteren var det hans tur. Og med ein herleg susar skrudd ut i langhjørnet var nok ein gong målvakta sjanselaus og vi hadde utlikna til 2-2. | | |  | | Robin gjorde eit veldig godt innhopp på høgrekanten. |
Og utover i omgangen såg vi ut til å vera nærast. Vi kjempa oss til eit overtak og skapte fleire gode moglegheiter. Først sendte Vegard ballen gjennom Solidforsvaret, der Tarmo var på løp. Ein flott parade av keeper. Så var Sander i bakrom, men vart takla i siste liten. Mot slutten var det i staden Solid som fekk gjennomløpa. Vi mista ballen litt for lett på veg framover og fekk ballar i bakrom mot dei raske spissane til Solid. Men keeper Tormod er så rolig at ein kan tru han går på valium, for ved tre høve ventar han ut angripar og serverer klasseredningar på løpande band. Slik sett var det greit nok at kampen endte 2-2. | | |  | | Beinhard innsats av Gaute. Vi håpar fleire heng seg på! |
Juling mot Trott 2 Dagen før hadde vi besøk av Trott 2 og der kom vi til kort i det meste. Her mangla rette innstillinga og viljen og evnen til å brette opp ermene og trø til. Vi fekk ein dårleg start og mista motet litt av det. Trott hadde eit par veldig gode spelarar med seg og vi klarte aldri å få nok intensitet til å by dei kamp. Etter kvart som baklengsmåla rann inn, gav vi opp meir og meir. Så denne kampen får vi gløyme snarast råd. | | | No ventar to bortekampar i helga. Fitjar på laurdag og Trott 1 på søndag, før Trott 1 kjem på besøk hit på tysdag. Så roar vi ned med kampar til neste helgs Regy Cup. Kampfakta frå Nysæter kunstgrasG14: Solid-Trio1 2-2 (0-1) 1-0 (25 minutt) 2-0 (38 minutt) 2-1 (41 minutt) Tarmo Tars 2-2 (44 minutt) Ole Martin Byrknes | | | Trio sitt lag: Tormod Sund Vårdal, Ole Martin Byrknes, Tarmo Tars, Espen Aakre Sjo, Mathias Gjelseng, Sander Dolonen Brækken, Simen Hellevik Lie, Gaute Thorkildsen, Samson Nyrud Uppheim, Daniel Sørtveit, Edvin Vågen Bjørgvik, Vegard Fausk, Robin Steinsletten. | | | Bytter: 25 min: Robin og Vegard for Edvin og Samson 35 min: Samson for Daniel 48 min: Edvin for Simen 65 min: Daniel for Vegard | | | Måndag: G14 Trio2-Trott2 0-13 (0-5) Trio sitt lag: Vegar Teigen, Jonas Teigen, Ole Martin Byrknes, Edvin Vågen Bjørgvik, Vegard Fausk, Benjamin Skarveland, Marcus Nilsen Mathisen, Eirik Kjerpeseth Rusten, Daniel Sørtveit, Robin Steinsletten, Anders Solheim Dyrhaug. | | | - Trenar Are Ulseth | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |