Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

A-laget: Trio - NHH 0-2

Klikk på bilete for full storleik
Det vart bare nesten for veteran Roger Røssland.
 
Hengekampen mot NHH kunne gitt Trio ei lita luka ned til laga under på tabellen. Men etter at 90 minutt var spelt på Husnes stadion, var det laget til Fridrik R. Agustson som kunne pakka fotballbeggen og ta 3 poeng med seg til Norges Handels Høgskule.  
 
Klikk på bilete for full storleik
Vemund i duell mot to NHH-spelera. Banens beste, Futsum, står klar til å setja inn ein sugande takling.
Klikk på bilete for full storleik
Odda sendte ut to talentspeidera.
Klikk på bilete for full storleik
Andreas redder eit av mange skot i første omgang.

Lagoppstilling 4-4-1-1

 

Andreas Eide

Warhel Suleman, Ronny Hamre (C), Henrik L. Røssland, Vemund Grønstøl

Martin Veastad, Futsum Mebrathu, Endre Eide, Simon Korttila

Håvard Haga

Roger Røssland

 

Reserva

 

Andreas Charter Røyrvik, Lars Bernhard Heggøy, Tony Berge Fondevik, Emanuel Onasaka, Dawit Kahsay, Olav Myklebust

 

Trio - NHH 0-2 (0-1)

 

0-1 29.min Evensen

0-2 87.min Evensen

 

Forrige gong Trio tok i mot NHH heima på Husnes så var det ein bil som var på avveie. Dei måtte spela heile første omgang med bare 9 mann. Det samme skjedde i går (onsdag) då den eine bilen kjørte seg vill på veg til kamp. Den siste bilen dukka opp akkurat då dommaren bles kampen i gong, men NHH måtte allikavel spela dei første 4 minuttane med 8 mann utan at Trio klarte å utnytte overtaket.

 

NHH var best i heile første omgang. Trio var på etterskudd i omtrent alt som skjedde og me skapte svært lite. Den største sjansen til Trio kom frå eit frispark frå ca 23 meter av Håvard Haga. Ballen gjekk i fin bue over muren men keeperen var med på notene og fekk boksa ballen til corner.

 

Etter 29 minutt utnytta NHH slurv fra Trioforsvaret. 2 svake klareringa blei fanga opp av deira kantspelar som slo inn foran mål. NHH-spiss, Evensen, fekk stå aleine og heada ballen over Andreas og inn i nettmaskene.

 

Kjell Magnar såg at han måtte gjera noko med midtbanen og gjorde grep like etter. Han tok ut Warhel for Lars Bernhard, mens Futsum blei flytta ned på backen.  Lars B. tok Futsums plass sentralt på midtbanen. Det kom seg litt men dommaren bles i fløyta utan at klarte å skapa dei store sjansane.

 

Det var stor temperatur i garderoben. Det var mange som trengte ein vekkar for å sei det sånn. Me blei enige om at gjort var gjort og at me skulle begynna å ofra oss for kvarandre. Me skulle trøkka meir til i duellane og me måtte begynna å flytta beina raskare. Kjell Magnar tok også ut Martin Veastad for Emanuell.

 

Då andre omgang begynte så var det eit heilt anna Triolag som gjekk på banen. Me stod mykje høgare med laget og me stressa dei meir på topp. Me vant det meste av duellar og andreballar og klarte å spela oss fram til nokre sjansar. Roger var farlig frampå ved nokre høve, men høgrefoten hans var bare nesten innstilt. Ballen for rett til side for stolpen. Futsum, Emanuell og Haga hadde også nokre sjansar som kunne ført til mål.

 

Men etter 30 minutt med høgt press så gjekk piffen litt ut av Trio igjen. Mulig at kreftene tok slutt men NHH begynte igjen å få eit overtakk. Dei var spesielt farleg på overgangar og ved 3 anledningar kunne det blitt stygt då dei var i overtall i vårt forsvar. Men Trioforsvaret fekk rydda opp med god hjelp frå Andreas i mål. Trio gjorde 3 bytter til for å prøva å gjenvinna overtaket. Inn kom Charter, Dawit og Tony og ut gjekk Roger, Simon og Vemund.

 

Trio pressa på for utlikningsmålet men det var bare nesten. Haga hadde nok eit frisparkforsøk men denne gongen gjekk skotet til Opsangervatnet. Høge NHH forsvarera gjorde det også vanskelig på dødball for oss og me klarte ikkje å sccora på det heller.

 

Men det gjorde derimot NHH. Rett før kampslutt så fekk NHH corner. Andreas Eide skulle ut og boksa men blei blokkert. Det gjorde at Evensen fekk heada inn 2-0 i åpent mål. Her kunne markeringa vore betre.

 

Det enda derfor med 2-0 tap mot NHH. Trio gjennomførte ein frykteleg førsteomgang men heva seg i andreomang.

 

Ein lokal jury kåra Futsum til Trios beste spelar. Han vant eit gavekort på 300kr frå Sport1. Spar Valen må også nevnast i dag. Før kamp så stilte dei med frukt, sjokolade og kjeks. Me på Alaget sette stor pris på dette!

 

Spelande referent: Henrik L. Røssland.

Alle foto: Rune Grønstøl.

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart