|
Kom til kort mot effektiv serieleiar |  | | Laget mot Bremnes. Bak frå venstre Ester, Mariel, Ida, June, Susanne, Mari, Synne. Framme Madel, Lisbeth, Vilde, Lea Sofie, Hedda, Jannicke, Sofie. Foto: Per Einar Gjerding. |
| | | | J16: Bremnes-Trio 5-0. Vi stilte godt forberedt til kamp om tabelltopp mot Bremnes torsdag. Det var dessverre ikkje godt nok mot eit godt og effektivt Bremneslag som var kliniske føre mål og satte 5 bak vår gode keeper Lea. | | | La det vera sagt med ein gong, det var ikkje 5 mål forskjell på laga, men med Bremnes sin effektivitet, kombinert med kampforløp og disponering av Triolaget utover kampen, blei det til slutt 5-0 til heimelaget – fullt fortent. Men vi er aldri heldige gjennom kampen, ballen hadde ein tendens til å spretta feil og detta ned på feil plass i dei fleste situasjonar. | | | Kampen startar jevnt og det er lett å sjå at dette er to gode lag med respekt for kvarandre. Vi er fullt på høgde første 25min, og Lea er stort sett arbeidsledig med hardtarbeidande jenter føre seg. Men så måtte Mariel ut og kvila med pustebesvær og laglege Dalland som var ringside i dag fekk arbeid på sidelinja. Vi sleit litt med den defensive strukturen i perioden Mariel var ute. Bremnes scorar like etter på sin første målsjanse i kampen. Og mål pregar som kjent kampar. Vi kjem i ubalanse på samme sida ein gong til 10 minutt etter – og Bremnes doblar til 2-0 på sjanse nr. 2. Vi evnar ikkje skapa så mykje framover mot eit toppa Bremnes lag, men er nær redusering på ein corner før pause. Men Bremnes hadde ikkje skapt mykje heller, bare at dei hadde scora 2. | | | Mariel er klar igjen til start 2. omgang. Vi er enig om at 2-0 er mulig å henta inn og går ut i hundre. Plutselig vinner vi alt av duellar og vi føler at det nærmar seg redusering. Så skjer det igjen – på sin første sjanse i 2. omgang ligg ballen i vårt mål, igjen utagbart for Lea. Litt uvirkelig og synd, for no var vi skikkelig på gang og Bremnes litt rysta. Lufta går naturligvis litt ut av laget etter mål nr 3, men vi er svært nær 1-3 like etter då Ester kombinerer seg fint gjennom og får avslutta aleine med keeper. Dessverre får målvakt ein fot på ballen. Vi går snart over til 3 bak og satser alt framover, bare for å oppleva at vi får skader på Synne og Vilde, blir slitne og dei 2-3 svært sentrale spelarane på Bremnes får meir og meir rom med mykje folk oppe og strekk i laget. Dei får 2 mål til i denne fasen av kampen og det endar 0-5. | | | Ein spesiell kamp mot eit svært godt Bremneslag – det beste J16 laget vi har møtt i seriespel desse 2 åra. Jentene skal ha STOR honnør alle sammen for at dei ga alt og sto på til siste fløytesignal. Då kan ein som trenar på sin siste tur med laget ikkje forlanga meir og jentene fekk masse skryt både i pausen og etter kamp. Bremnes har då i realiteten avgjort serien til sin fordel og det er fullt fortent at dei vinn pulja, dei var virkelig gode i dag. | | | Om ei veke er det siste 11er kamp på heimebane, mot Odda som no er à poeng med oss med ein kamp til gode. Det bør bli ein jevn og spennande kamp. Kampfakta, Olvondo Stadion:Bremnes – Trio 5-0 (2-0) God dommar frå Stord. | | | Trio sitt lag: Lea S. Dalland, Hedda S. Tangstad, Mariel M. Madsgård, Madel H. Gjerding, Synne T. Nissestad, Mari O. Furdal, Ester Djuvstad, Vilde Teigen, Sofie Lillesand, Jannike Røssland, Susanne Kabbe, Ida Bruvik, Lisbeth V. Solberg, June E. Pedersen. | | | - Per Einar | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |