|
Tøff helg med tynn bemanning | | G14 hadde to tøffe bortekampar denne helga. Vi har to lag i serien og treng å låne frå G13 for å få det til å gå i hop. Denne helga høvte det ikkje for dei og sjølv hadde vi 2-3 vekkreist, så då vart det hardbart med tett program. | | |  | | God stemning på ferga, der Gaute, Eirik og Mathias song for full hals. |
Laurdagens bortetur til Fitjar vart av det våte slaget. Sjølv om kampen var sett opp på Fitjar kunstgras og både vi og dommar møtte der, hadde heimelaget førebudd kamp på grasbanen. Vi fekk blåst ut litt irritasjon over at vi ikkje var informert over dette, noko vi følgjeleg heller ikkje var skodd for, utan at dette vart fokus for gutane. Å spele på gras er elles berre kjekt, sjølv om det vart vanskeleg å glatt i regnveret. Og ros til Fitjar for stor gjestfrihet elles med fin ramme rundt kampen. | | |  | | Før i tida spelte dei med einkronar. Her eit mislukka forsøk på å oppgradere :D |
Spelemessig kom vi godt i gang og spelte jamnt med motstandaren i 20 minutt. Så byrja det å butte i mot, om lag frå den tid Fitjar scora første målet. Siste kvarteret vart svakt frå oss, med tre baklengs på siste 5 minutta - og nye tre baklengs første 5 minutta av andre omgang. Her legg vi grunnlaget for ein heller dårleg prestasjon totalt sett. Vi sliter med å halde moralen oppe og kjempe hardt for kvarandre når det går litt i mot. For som sagt, starten var veldig bra og hadde vi heldt fram slik, hadde prestasjonen tvert om vore mykje å skrive heim om. | | |  | | Vegar (til venstre) måtte ut med skade, men Robin tok ansvar som keeper. Her blide og nøgde på Mac'en etter at vi ikkje fekk vera med ferga. |
Vi fekk også skade på keeper Vegar og rådyra var relativt gode for kva vi skulle gjere. Den eine av dei øvrige som faktisk eiger eit hanskepar trengte vi absolutt ute på banen, men heldigvis tok Robin ansvaret og hanskane. Robin har vage minner frå å ha stått i mål i barnefotballen i Herøysund, men elles var nok dette ein situasjon han var heller ukomfortabel med. Men flott gjort å stille opp for laget på denne måten, og han greidde seg godt i buret :) | | | Kampen endte 10-1 favør heimelaget og vi gjekk på ein ny smell då vi kom til ferga i rett tid. For det hadde også ein gassbil gjort, og dermed fekk vi ikkje vera med. Det medførte i staden ein tur på MacDonalds. Skikkeleg nedtur for gutane det :) | | | I dag var så turen kome til den aller tøffaste kampen i haust, bortekamp mot Trott 1, som rykka ned frå 1.div med minste margin i vår. Trott og Stord sine førstelag er eit par hakk for gode for denne avdelinga, men vi sendte 13 mann av garde og gjorde så godt vi kunne. Underteikna var ikkje med på denne kampen, men etter ei økt i forsvarsspel for vår del endte det 13-0 til Trott. | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |