|
Heldige poeng i toppoppgjeret | | G16: Trio/Halsnøy2-Bremnes2 2-1. Gutelaget tok ein noko heldig siger i toppkampen mot Bremnes. Det er kolossalt jamnt i toppen i denne avdelinga og det var klart at vinnaren av denne kampen ville passera Rosendal på tabelltoppen. | | | Dårleg start for heimelaget då Bremnes relativt fritt fekk sette inn 0-1 tidleg. Sidan kom Trio/Halsnøy-gutane meir inn i det og i ein tett og jamnspelt kamp var det våre som hadde dei største sjansane. Som regel ved lynraske Nikolai på topp.
| | |  | | Tomålsscorar Håvard. |
0-1 sto seg til pause, men ikkje mykje lenger. For då sprang Håvard gjennom og utlikna, heilt i starten på andre omgang. Sidan var det jamnspelt, inntil bortelaget skaffa seg eit overtak siste 20 minutta. Dei kom til ein del store sjansar i feltet utan å lukkast, og i staden var det på ny Håvard som sprang gjennom og scora sikkert. Nok ein gong assist frå Rasmus. Dermed ein litt heldig heimesiger.
| | | Dommar Miomir Milenkovic dømte sin første kamp for Trio og viste med stødighet og myndighet at dette har han gjort mange gongar før. Gutane har tett program denne veka. No ventar bortekamp på Tysnes på torsdag, før det ber til Haugesund og Regy Cup i helga. Kampfakta frå KvednabekkjenG16: Trio/Halsnøy2-Bremnes2 2-1 (0-1) 0-1 (5 minutt) 1-1 (44 minutt) Håvard Vågen 2-1 (78 minutt) Håvard Vågen
| | | Tilskodarar: Dommar: Miomir Milenkovic Ingen kort. Trio/Halsnøy sitt lag:
Vebjørn Røssland, Sander Eik Vevik, Vegar Hoff, Mikal Øvstebø, Ole Martin Byrknes (Marcus Røen frå 50 minutt), Håvard Vågen, Oliver Lygresten, Marcus Størksen, Sindre Benjaminson, Nikolai Mayer (Sander Dolonen Brækken frå 65 min), Rasmus Eik Sjo. | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |