|
Endeleg siger mot Bremnes! | | G13: Trio-Bremnes1 2-1. I går kveld tok Trio G13 mot Bremnes til dyst på Kvednabekkjen. Bremnes er eit lag som det har vist seg vanskeleg å slå, i alle fall for gutane våre, og vi har dei siste kampane mot dei hatt tette og jamne kampar, som har enda med tap. | | |  | | Scoring av Mads. |
Men i går kveld gjekk det endeleg vår veg. Vi har i dei to siste kampane hatt to tap mot Vard og Djerv1919. I kampen mot Vard var vi langt under pari, men i kampen mot Djerv1919 viste vi igjen at vi er fullt på høgde med dei fleste om berre innsatsen ligg i botn. Kampen i går starta med hard kjemping og trøkk i duellspelet heilt frå start. Vi hadde god kontroll på Bremnes bakover i banen, og fekk etter kvart fleire og fleire sjansar framover på banen. Etter halvspelt omgang var det Mads som sette inn leiarmålet. Etter flott kombinasjonsspel på høgresida vert Mads spelt gjennom i midten, og han gjer ingen feil åleine med målvakta til Bremnes. Ei fullt fortent leiing. | | | Gutane fortset med å spela godt, og 5 minuttar for halvtid får vi straffespark. Denne gongen er det Martin, som etter fine kombinasjonar på venstresida, dreg seg inn føre mål. Etter å ha lurt av eit par spelarar, vert han takla ureint, og vi får eit korrekt straffespark. Her er Daniel sikrare enn banken, og fyrsteomgangen endar med ei 2-0 leiing til oss. Ein strålande omgang av gutane våre. | | |  | | God kamp av Joakim. |
Vi bestemmer oss for å fortsetja med mykje det same i andre omgang, og lykkast delvis med det. Bremnes kjem ut i 110 og prøver å setje oss under press heilt frå avspark av. Dette lykkast dei delvis med, og vi ser at dette er eit lag som sjeldan går av banen med tap. Men gutane våre kjempar som løver. Vi har veldig god kontroll bakover på banen, med Torstein i mål, og Sander, Joakim og Isak i dei bakre rekkjer. Dei ryddar opp i stor stil, og Bremnes kjem berre til nokre halvsjansar frå lang distanse. På midtbanen vår kjempar Lars og Daniel godt sentralt, medan Martin, Brynjar og etter kvart Magnus V gjer ein god jobb på sidene. På topp legg Mads, Alen og Markus press på Bremnes så dei ikkje får setje i gong med pasningsspelet frå bak i banen. | | | Bremnes klarar likevel å pressa oss litt lengre bak i banen, og då spesielt i siste del av kampen. Men dette opna for gode kontringar, og vi får 2-3 store sjansar til å setje spikaren i kista, utan å lykkast. Når då Bremnes klarar å setje inn eit reduseringsmål eit par minuttar før full tid, vert det litt spanande. Gutane våre klarar likevel å hale ein velfortent siger i land, og sender Bremnes heim med tap. Fantastisk gutar! | | | Desse var med: Torstein, Sander S, Joakim, Isak, Martin, Lars, Daniel, Brynjar, Mads, Marcus, Magnus V og Alen. | | | - Tore og Osa | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |