
Martin var ein blid gut då han putta 2-0 målet til Trio lika før pause.

Thorkildsen rakk å scora 1 mål og få to gule kort på dei 9 minuttane han var på banen.

Haga jobba godt gjennom heile kampen og kan vera stolt over innsatsen han la ned i dag.

Sist gong Eide holdt nullen var borte mot Stord2 28 mai i år.
Lagoppstilling (4-4-1-1)
Andreas Eide
Warhel Suleman, Ronny Hamre (C), Henrik L. Røssland, Vemund L. Grønstøl
Simon Korttila, Futsum Mebrathu, Endre Eide, Martin Veastad
Håvard Haga
Emanuel Onasaka
Reserva
Eirik Eikeland, Simen Røssland, Roger Røssland, Tony Berge Fondevik, Andreas Thorkildsen og Andreas Charter Røyrvik
Trio - Stord2 3-0 (2-0)
1-0 29.min Emanuel Onasaka
2-0 45.min Martin Veastad
3-0 82.min Andreas Thorkildsen
'Kvar kamp blir ein cupfinale'. Desse orda tilhøyrer Kjell Magnar Eide og det virka som det gjekk inn mellom øyra til Triospelerane denne kampen. Innsatsen var tilstede og me fulgte kampplanen nøye.
Etter at me hadde slått mange høge ballar på Haga så valgte Endre å gjera ein vri. Endre var faktisk komt seg høgt i banen(!) og slo ein nydelig chip gjennom til Emanuel som holdt seg på riktig sida av offsidegrensa. Han kom aleina med keeper og banka han vakkert inn i motsatt hjørna. Fortjent 1-0 ledelse til Trio. Lika etterpå fekk Stord eit mål annullert for offside på ein dødball fra ca 30 meter.
Stord2 spelerane blei meir og meir frustrert over dommaren og brukte mykje tid på å sei kva dei meinte om dømminga hans. Trio fortsatte å pressa på for fleire mål og rett før dommaren bles laga inn til pause var Futsum på farten. Haga vant ein duell som Futsum plukka opp. Han gjekk ned mot dødlinja og slo hardt inn foran mål. Ballen gjekk forbi alle men fant ei umarkert Martin som hadde ein enkel jobb med å setja ballen i det tomme målet. Stord2 spelerane protesterte høglydt og meinte at det skulle vore blåst i forkant av scoringa. Dommaren svara med å dela ut gule kort og blåsa laga inn til pause.
I pausen snakka me om å holda trykket oppe. Kampen var absolutt ikkje avgjort og me måtte ha fleire mål. Me visste at Stord kom til å heva seg og me måtte vera forberedt på det. Vemund måtte også denne kampen kasta inn håndkledet og inn kom Tony.
Kampen starta som me hadde forventa. Stord flytta seg høgare og satte inn meir press på oss. Men midtbanen vår la ned ein god jobb og klarte å demma opp. I det 64 minutt blei ein Stord spelar tackla nede på vår venstreside. Han vridde seg i store smerter og lirte av seg nokre gloser som dommaren ikkje likte. Han valgte å gje Stordspelaren direkte rødt kort. Men kampen var fremdeles ikkje avgjort. Stord var farleg på kontringar og det fekk dei ein del av utover kampen.
Mot slutten av kampen gjorde Kjell Magnar mange bytte. Roger Røssland, Charter og Andreas Thorkildsen kom innpå då det gjenstod var ca 15 minuttar igjen. Det viste seg å vera gode bytter. Andreas Thorkildsen viste seg umiddelbart fram og spant rundt med forsvarsspelerane deira. Etter å ha mista ballen sprang han over heile banen for å prøva å vinna igjen ballen. Dommaren meinte han var litt for hardhendt og ga han gult kort.
Like etterpå kombinerte Thorkildsen,Roger og Endre fint nede på venstresida. Dei slo ballen mellom seg på få berøringar og forsvaret til Stord hang ikkje med. Endre stakk til slutt Thorkildsen igjennom som no var aleine med keeper. Han gjorde ingen feil og satte inn det som kan kallast spikeren i kista. Dette var også Endre sin andre assist for dagen.
Men bare minutter etterpå havna Thorkildsen i fokus igjen då han tackla ein Stordspelar som var på veg fram. Dommaren ga han eit nytt gult kort før han drog opp det raude. Etter bare 9 minuttar på banen rakk Thorkildsen å scora eit mål og skaffa seg to gule kort. Men han skal ha for innsatsen!
Trio fekk også sjå ein debutant denne kvelden. Ungdommen Simen Røssland fekk sine første minutt i A-lagstrøya og klarte seg veldig godt på høgrebacken. Me kjem nok til å sjå mykje til Simen i tida som kjem.
Det skjedde ikkje meir denne kampen og Trio tok ein fortjent og etterlengta 3-0 siger.
Trio balansere fremdeles på nedrykksgrensa. Allerede på lørdag er det ny heimekamp. Då er det topplaget Frøya som kjem på besøk. Kampen begynner kl.15.00 på Husnes Stadion. Me snakkast!
Spelande referent: Henrik L. Røssland.