|
'Odda-dødaren' June slo til igjen | | | J16: Trio-Odda 3-0. June Eitrheim Pedersen kom til Trio frå Odda for 3-4 år sidan. Ho kom frå fotballmiljøet i Odda og har i Triodrakt møtt tidlegare lagvenninner frå Odda mange gonger sidan, uten å avgi poeng. Denne sesongen vann vi bortekampen 1-0, målscorar var June. I dag vann vi 3-0, 2 mål 1 assist av June. | | Det var tid for jentene’s siste 11ar kamp på Kvednabekkjen som J16-lag, men værgudane såg ingen grunn til å bidra i den anledning. Det var eit ufyselig vær som møtte jentene etter peptalk i garderoben. Dette varte til kampen var godt i gang og Odda likte seg best i høljeregnet. Oddingane låg a poeng med oss før kampen som var ein liten duell om 2. plassen i serien. | | Første 15min vann Odda ALT av duellar på midtbanen og alle utspel. Dei var klart best denne perioden og vi hadde nok med å forsvara oss. Det gjorde vi imidlertid svært bra og Odda skapte lite på ei opplagt Lea i Triomålet. Gradvis letta regnet litt – og gradvis begynte Ester å gå føre på midten, vinn duellar og utspel og vi får meir tak i kula. Vi gjorde eit grep like etter, Marie, som har vore sjuk ein periode og starta på benken, kom inn og Mari blei flytta opp som spiss. Marie hadde fra benken sett kva som mangla sentralt og gjekk ut og kriga i kjent stil og ser ikkje anna enn frisk ut. Plutselig har vi overtaket sentralt. | |  | June scorar alltid mot Odda. |
Dette hjelper oss å flytte spelet høgare opp i banen og kampbildet jevnar seg meir ut. Det er i denne perioden vi står godt etter med samla høgt press og Ester klarer vinna ballen nær dødlinja på venstresida. Ho fører den med seg innover ser opp og slår ut. Første forsøk blir redda, men den dett ned føre June som har komt inn frå høgre og ho lar seg ikkje be to gonger mot Odda. Bang opp i nettaket og 1-0, litt flatterande etter kampbildet så langt, men kan Bremnes vera effektive mot oss, så kan vi vera det mot Odda :) | | Odda er best i perioden frå målet og ut omgangen, men skaper lite. Vi er slitne inn mot pause og slit med å komme ut fra forsvar når vi skal skyve ut og Odda kjem i stadig nye angrep. Heldigvis velger dei å skyte frå langt hold og det blir barnemat for Lea i målet. Ein litt heldig 1-0-ledelse til pause, der vi scorar på vår einaste sjanse. | | Vi pratar i pausen i hovedsak om viktigheten av å få midtbanen ut fra forsvar når vi har avklart Odda sine angrep. Dette fungerer mykje bedre etter pause og vi spelar ein betydelig bedre omgang. Vi får meir spel høgare i banen og produserer mykje meir sjanser. Odda har ein del ball i andre og, men produserer kun ein stor sjanse i heile omgangen. Vi aukar til 2-0 på corner. Etter klabb og babb føre Odda-målet er det ingen andre enn June som er sist på ballen igjen. | | Ikkje lenge etter fossar den løpssterke Sundejenta til linja og slår eit svært godt innlegg som går forbi alle føre mål og heilt bak til Vilde. Frå hjørnet av 16 bankar ho til på direkten og ballen fyk inn, utagbart for Oddakeeperen. Det er vel knapt 15 minutt igjen no og vi bør kontrollera inn. Då blir det plutselig ny spenning og drama då Synne først blir skada og så Marie og Vilde med ett minutt mellomrom får gult kort og 5 minutt ute. Vi må gjera grep i disponeringa av laget, får innpå igjen dei eldste (skadefrie) med mest rutine, går via 4-4-1 (i eit minutt) til 4-3-1 med smal midtbane. Dei 9 som var utpå tente virkelig til av «utvisningane» og nekta Odda å sleppe til. Vi rir av dei 6 minuttane i undertall på ein imponerande måte og avsluttar kampen med å produsera eit par store sjansar til. I denne perioden imponerte Jannike på venstreback. Meget bra backspel Jannike :) | |  | Flott kamp av Lisbeth. |
Ikkje dagen for masse finspel dette, men du verden for ein lagseier og innsats det var. Kjekkaste kampen på aldri så lenge! Dette ville jentene virkelig vinne og vi slår Odda for sjuande gang på sju forsøk siste 4 åra. Alle gjorde ein enorm innsats for kvarandre i dag og det var LAGET som vant. Kjekk måte å avslutta 11ar spelet heime på :) ' Skal eg plukka ei i eit fantastisk forsvar i dag må det bli Lisbeth. Ein særdeles god kamp som midtstoppar, gjer seg aldri og gjer det meste rett. | | No er det ein pause til 15. oktober, då kjem Stegaberg på besøk til Husnes for ein 7arkamp. Serien blir avslutta ei veke etter borte mot Nord. Kampfakta, Kvednabekkjen:1. div Rogaland: Trio–Odda 3-0 (1-0) 1-0 (20min) – June (Ester) 2-0 (58min) – June (Ester) 3-0 (65min) – Vilde (June) Tilskuarar: Ja, faktisk i dag og (vi er imponerte og takknemlige!) | | Trio sitt lag: Lea S. Dalland, Hedda S. Tangstad, Mariel M. Madsgård, , Madel H. Gjerding, Synne T. Nissestad, Mari O. Furdal, Marie Normann, Ester Djuvstad, Vilde Teigen, Sofie Lillesand, Jannike Røssland, Susanne Kabbe, Lisbeth V. Solberg, June E. Pedersen. | | - Per Einar Gjerding | | | | | |
| |
| Siste nyhende | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | Les meir | [26.09.2019] |
| Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | Les meir | [25.09.2019] |
| Dette var for slapt | Les meir | [24.09.2019] |
| Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | Les meir | [24.09.2019] |
| Miniputtcup 29.september | Les meir | [22.09.2019] |
| Solid siger for damene | Les meir | [22.09.2019] |
| | | Lenkjer | | | |