
Rolf stilte nok ein gong opp som ubenytta super sub.
Lagoppstilling (4-4-1-1)
Andreas Eide
Warhel Suleman, Ronny Hamre (C), Henrik L. Røssland, Aleksander B. Ekeland
Simon Korttila, Håvard Haga, Endre Eide, Martin Veastad
Emanuel Onasaka
Roger Røssland
Reserva
Andreas Charter Røyrvik, Tony Begre Fondevik, Rolf Vidar G. Hansen, Sander S. Lillesletten, Lars B. Heggøy, Olav Myklebust, Eirik Eikeland
Trio - Frøya 1-3 (1-1)
0-1 12 min.
1-1 20 min. Ronny Hamre
1-2 80 min.
1-3 82 min.
Til denne kampen mangla me nokre spelera. Futsum (karantene-7gule kort!!), Vemund (sjuk og skada) Andreas Thorkildsen (karantene- raudt kort) var ikkje tilgjengelig. I tillegg hadde Lars B. vore sjuk denne veka og Haga sleit med ein vond ankel. Rolf Vidar G. Hansen blei derfor bedt om å finna fram fotballskoene frå garasjen igjen i tillfelle me fekk fleire skadar på midtbanen.
Me visste at Frøya var eit godt samspelt lag og at dersom me skulle ta poeng i denne kampen så måtte me kriga. Trio starta kampen noko rufsete og Frøya fekk vist kvifor dei ligg på 2.plass på tabellen. Dei viste stor variasjon i angrepsspelet og slo ballar i bakrom, på møtande spiss og til tider mykje klikk klakk spel på kantane. Det var derfor ikkje ufortjent at Frøya scora etter berre 12 minutt etter å ha spelt ut Trio på vår høgreside.
Men etter å ha gjort nokre justeringar klarte me å demma opp bak. Etter 20 minutt fekk Trio frispark frå venstre ca. 40 meter frå mål. Endre curla ballen inn på 7 meter der Ronny Hamre hadde komt seg fri. Keeper kom ut men Ronny fekk eit hovud på ballen og stussa han inn i det tomme målet. Dette var Ronny sin tredje scoring i år, noko som utruleg nok plasserer han høgt på vår toppscorerliste.
Resten av omgangen bølga mykje fram og tilbake. Trio hadde dei største sjansane men Frøya hadde ballen mest. Roger, Martin, Emanuel, Haga og Simon hadde muligheten til å setta inn ledarmålet til Trio men mangla litt på avslutningsferdigheter då det gjaldt som mest.
I pausen snakka me om innsats. Me var fornøyd med justeringane me hadde gjord defansivt men me måtte opp nokre hakk offensivt dersom me skulle ta poeng i denne kampen.
Trio viste også gode takter i 2.omgang og me fortsatte å skapa nokre halvsjansar. Men innsatsen som midtbanen la ned begynte å tæra på kreftene. Bevegelsane på topp døyde også ut noko som er forståeleg ettersom me slo mykje langt på dei. Frøya tok meir og meir over og mot slutten kom det bølge etter bølge med angrep. Dei fekk mange cornera og hadde 2 stolpeskot. Og i det 80 minutt kom Frøya-målet. Frøya kom i overtall og fekk tredd igjennom til spissen som låg og lurte på offsidegrensa. Aleine med Eide fekk han lurt ballen i det lengste hjørna og inn i mål.
No gjekk piffen heilt ut av Triolaget. Frøya gjekk omtrent rett i angrep etter scoringa. Eit innlegg frå høgre havna i vår 16-meter. Endre og Tony blei ikkje enige om kven som skulle klarera og det førte til at deira spiss fekk snappa opp ballen. Han la han fint til rette for lagkompisen som hadde ein enkel jobb med å klinka han i mål.
Etter dette bytta Trio fleire spelera. Men det var dessverre for seint. Frøya rodde sigeren i land etter at Trio hadde kriga tappert. Kreftene tok dessverre slutt litt for tidleg og ein burde kanskje ha heve innpå friske bein litt tidligare. No tapte heldigvis dei andre laga som ligg rundt oss på tabellen så tabellsituasjonen er fremdeles den samme som før denne runden.
-Henrik L. Røssland-