Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Knepent tap i tett kamp

Klikk på bilete for full storleik
Bak frå venstre trenar Christian Halvorsen, Isaac Jørgensen, Håvard Hope, Mathias Grindheim, Sander Eik Vevik, Mikal Øvstebø, Alexander Johnsen, Rasmus Eik Sjo, Senadin Foric og Frode Blom. Framme Jonas Tazo, Preben Rød Heimvik, Tristan Andre Fredlund, Sebastian Blom, Loc Nguyen, Eirik Alexander Warberg, Dion Clifton Attille, Imam Eldi.
 
G16: Trio/Halsnøy3-Fitjar 1-3. Bortelaget tek steget opp på tabelltoppen om dei vinn hengekampen sin, etter at dei drog i land ein knapp siger i eit intens og spanande kamp mot vårt lag 3 på G16 på Kvednabekkjen måndag kveld.
 

Kampen starta jamnt og tett og etter kvart tilreiv heimelaget seg eit lite overtak i spelet. Men det var bortelaget som gjekk i føring midt i omgangen. Scoringa kom på straffespark etter at spissen vart lagt ned i feltet.

 

Ti minutt seinare utlikna Dion med ein strålande corner, som gjekk rett inn. Ein hard og luftig serve, som gjekk over keeper og stang inn. Vel fortent på det tidspunktet. Kort etter var Rasmus frampå på ein corner, men headinga gjekk rett på keeper. Fitjar på si side var farlege på kontringar. Dei fekk to store sjansar på slutten av omgangen. Den første redda Loc strålande, men på den andre gjekk Fitjar i ny føring. 1-2 sto seg til pause, sjølv om Jonas sendte i veg eit godt skot som sette keeper på prøve.

 

Andreomgangen vart fartsfylt og intens. Dommaren la lista høgt og mange duellar fekk passere. Fitjar vart nok snytt for ein straffe tidleg i omgangen, medan Imam var nære med eit skot utanfor frå vel 20 meter. Omgangen vart elles ganske sjansefattig, inntil Fitjar fekk nokre store tilbod på tampen. Trio/Halsnøy måtte ta større sjansar offensivt og på ei kontring måtte Loc ta ut sitt beste for å få slått ballen i tverrliggjaren. Men 3 minutt før full tid kom ein ny presis overgang frå Fitjar, og denne gongen var det ingen bøn. Spissen kunne rulle 1-3 kontrollert i nota.

 

Dermed berre nesten for våre gutar, som har tett program om dagen. Nett heime frå Regy cup i helga og på torsdag er det bortetur til Etne.

Kampfakta frå Kvednabekkjen

G16: Trio/Halsnøy3-Fitjar 1-3 (1-2)

0-1 (19 minutt)

1-1 (28 minutt) Dion Clifton Attille

1-2 (34 minutt)

1-3 (77 minutt)

 

Dommar: Thomas Størksen, Halsnøy

Ingen kort.

 

Trio/Halsnøy sitt lag:

Loc Nguyen, Håvard Hope, Sander Eik Vevik, Alexander Johnsen, Eirik Alexander Warberg, Jonas Tazo, Mikal Øvstebø, Imam Eldi, Mathias Grindheim, Rasmus Eik Sjo, Dion Clifton Attille, Senadin Foric, Preben Rød Heimvik, Sebastian Blom, Gunnar Røssland.

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart