|
Endeleg ein ny bortesiger | | G13: Haugar-Trio 1-3. I går var Trio G13 på ein ny tur til Haugalandet. Haugar var motstandar denne kvelden, eit lag vi har vunne mot to gonger tidlegare i år. Men i den gruppa vi er i no i haust er det ingen kampar som er enkle, og det viser seg at alle lag kan slå alle. | | | Tabellen viste før denne runden at Djerv 1919 leia med 10 poeng, med bare 3 poeng ned til siste lag. Altså 6 lag innanfor 3 poeng! Vi har hatt mange jamne og tette kampar der vi både har vunne og tapt med eitt og to mål. Det er slike kampar vi ungdommen likar, og det er etter vår meining den beste måten å utvikle seg som fotballspelar på. | | | I dei to siste heimekampane våre har innsatsen vore på topp, og vi gjekk inn i kampen i går med ambisjonar om å fortsetja i same gata. Men gutane var ikkje heilt med frå start, og det var alt for få som tok ansvar og la ned den innsatsen som må til for å vinna ein fotballkamp. Det tok difor ikkje meir enn 4 minuttar før Haugar tok leiinga. Sjølv om ikkje gutane våre var heilt på topp så hadde vi god kontroll resten av opningsomgangen. Men vi skapte ikkje dei heilt store sjansane framover på banen, og gjekk difor til pause utan skoring. | | | I pausen prøvde vi oss på ein liten alvorsprat med gutane. Både dei og vi visste at vi kunne så mykje betre, men at vi måtte starta med å leggja ned den naudsynte innsatsen. Starten på 2.omgang starta likevel på same måte som fyrste. Vi fekk ikkje heilt spelet til å sitja, gjekk ikkje skikkeleg til i duellane og bevega oss alt for lite utan ball. | | |  | | To mål av Lars. |
Men så vakna villdyra. Dei siste 15 minuttane tråkka vi skikkeleg til, og snudde kampen. Fyrst var det Mads som drog seg fri på høgresida og serverte eit knallhardt innlegg føre mål. Der var Emil på rett stad og putta sikkert. Berre eit par minuttar etter var det Lars sin tur. Han vinn ballen på midten og etter eit par fine touch fyrer han av, etter Tore sine avstandsmålingar - frå minst 150 meter, og ballen fyk opp i krysset. Gutane fortset godspelet og nok eingong er det Lars som kjem seg opp føre mål og set kontrollert inn 3-1. Det endar difor med ein heeerlig bortesigar, etter ein kamp som lenge gjekk litt trått. Ein glitrande eigenskap desse gutane har, når dei kan snu ein kamp på denne måten. Strålande gutar! | | | Desse var med: Torstein, Sander S, Joakim, Isak, Emil, Daniel, Lars, Martin, Mads, Magnus T og Alen. | | | - Tore og Osa | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |