Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Flott prestasjon mot overmakta

G14: Trio2-Stord1 0-7. Etter ei helg i Haugesund med mange kampar på Regy-cup, tenkte eg før kampen at det kom til å bli mange trøtte bein mot eit særs godt Stord 1-lag, men så feil kan ein ta.
 

Stord etablerer eit solid press i starten av omgongen men vi jobbar skikkelig godt som lag og hindrer Stord å skapa mange sjansar. Midtbaneleddet er tidleg ute i press og gir ikkje motstandarane mykje tid når dei mottar ballen og det gjer oppgåva for forsvaret mykje enklare. Etter rundt 15 minutt får Stord corner der vi er uheldige på klareringa og sender ballen i mål. Vi har slitt ein del på corner i år der vi ikkje er tøffe nok i duellane. I dette tilfellet vinn vi duellen men er uheldig, det er eit stort steg i riktig retning, meiner eg.

 

Stord scorer 2 mål til før pause, det eine eit kanonskot frå distanse som er utagbart for Vegar. Det andre står vi for høgt på utspel frå 5 meter som gir Stord-spissen ein gratissjanse åleine med keeper. Alt i alt ein veldig god førsteomgong der vi gjer mykje rett, spesielt i forsvarsspelet, og ikkje så mykje å retta på i pausen men vi blir enige om å spela meir ball når vi har den.

 

Dette gjer gutane til gangs i andre omgong, då går ballen raskt mellom spelarane. Vi gjer enkle valg når vi har ball og har veldig gode bevegelsar på begge kantane, sentral midtbane med Espen, Tarmo og Sander er knallgode i gjennvinningsfasen og gjer gode valg når dei har ball, enten det er gjennombruddspasning til kant eller støttepasning i pressa situasjonar. Disse tre har ein strålande kamp i dag og då spesielt Sander som har sin beste kamp nokon gong.

 

Vi får 4 nye mål imot i andre omgong, mange på raske kontringar, men dei bryr vi oss ikkje om i dag. I dag skal vi være strålande fornøgd med innsatsen der vi tidvis speler strålande fotball. Vi har fortsatt ein del å gå på, spesielt i siste tredel av spelet, men denne kampen sammen med dei 4-5 siste viser at vi i aller høgste grad er på veg i riktig retning.

 

Eit skår i gleden var Samson som måtte tidleg ut med skade då han fekk ein Stordspelar over armen i ein duell, får håpe han er attende på banen om ikkje så alt for lenge.

Vel gjennomført kamp, gutar!

 

Desse var med i dag:

Vegar, Jonas, Mathias, Ole Martin, Edvin, Eirik, Espen, Sander, Tarmo, Simen, Samson, samt Magnus og Alen frå G13.

 

Trenar Bjørn B. Mathisen

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart