|
Referat frå tre kampar med lag 1 | | G16: Her er omtale frå dei tre siste kampane med Trio/Halsnøy G16-1. | | | Trio/Halsnøy 1 - Gneist 1 12.sept Resultat 1-4 (0-3) Gneist 1 rykka ned frå 1.divisjon etter vårsesongen, men hadde i enkeltkampar vist at dei held nivået der. Slik sett så var me forberedt på at dette kom til å bli tøff motstand. Men me hadde på ingen måte planlagt å servere dei seieren i 1.omgang, slik ein gjorde.
| | | Me er ikkje gode nok individuelt eller som lag til å spela ut dei beste laga i denne divisjonen, så ein må legga til grunn stor innsats og kollektivt press for å halde tritt med desse laga. Samtidig må ein utnytta dei sjansane me får. Dessverre stod me tidvis me lua i handa og lot Gneist spela rundt oss litt for ofte i 1.omgang. Dei puttar 3 mål og er vel nærmare 4 og 5, enn kva me er redusering. Etter ein liten 'vekkar' i pausen så kjem da seg ein tanke i 2.omgang. Me kjem til nokre fleire sjansar, men må vente til ca midt i omgangen før ballen endelig snik seg inn i mål. Marius forserer nokre spelera og plasserer ballen kontrollert til venstre for keeper. Kunne det vera håp? Gneist fekk fyrst ein 5-minuttar, men me er dessverre ikkje flinke nok i overtall til å få utelling. Så får me ein 5-minuttar og dessutan Magnus skada etter ein smell i feltet. Vebjørn tar på seg vottane og vokter buret dei siste 10 minuttane. Han kan ikkje lastas for 1-4 målet til Gneist, som går i ein fin bue over han og i mål.
| | | Fullt fortent siger til Gneist, som ville og evna mest i denne kampen. Dei var eit fintspelande lag med fleire gode individualistar. Og så har dei litt å ta av, som Norges største breddeklubb:-) Laget: Magnus, Vebjørn H., Vegar, Tobias, Jonas, Patrick, Henning, Simen, Niko, Marius, Ruben, Marcus, Daniel Mål: 1-4 (65) Marius Quam
| | | Mathopen - T/H 1 19.sept Resultat 1-3 (1-2) Referat frå kampen: http://www.il-trio.no/no/nyheter/4646/
| | | T/H 1 - Os 1 Resultat 1-6 (0-4) Dette er nok det beste laget me har møtt i år, tett fulgt av Arna Bjørnar. Og aldri før har me møtt ein spelar med slik fart som venstrekanten deira. Stakkars Oliver som spelte back i den omgangen han spelte (trur han sprang frå seg i 1.omgang). Os 1 spelte med enorm hurtighet i angrepsspelet og hadde ei timing i løp både på kant og inn i boks, som var imponerande å sjå. For å i det heile ha mulighet til å stoppe dei, måtte ein stoppe framspela frå midten. Men dei hadde kvalitetsspelera der og, så oppgåva til vår midtbane og angrep var ikkje enkel.
| | | Men, bortsett frå eit enkelt opningsmål i 1.minutt, så klarte ein å halde seg inne i kampen dei neste 34 minuttane. I den perioden jobbar ein godt mot overmakta, utan å klare å produsere noko sjølv. Me mister ballen etter 1-2 trekk og må bruke enormt med krefter på gjenvinning. Omgangen er også prega av 3 gule kort (5-minutt på sidelinja), der Os har 2 og me 1 ute. 5 min før slutt kjem Os til sin -nte sjanse og set inn 0-2. Resten av omgangen går me sur og gjer jobben enkel for Os, som set inn både 0-3 og 0-4 før pause. Ein veldig sliten gjeng er glad da er pause. Hadde det ikkje vore for at ein jobba godt, så hadde siffera vore mykje større. Me håpar allikevel å klara minst uavgjort i 2.omgang.
| | | Me klarer vel ikkje akkurat å prega 2.omgang heller, men me kjem iallefall til litt fleire sjansar. Niko smeller ballen i stolpen og Ruben har eit skudd rett på keeper etter flott gjennomløp. Midtvegs i omgangen blir Tobias takla forferdelig stygt og må ut med det som ser ut til å vera brudd i ankelen. Os får sin spelar korrekt utvist.
| | | 30min ut i omgangen klarer Ruben å redusera til 1-4, etter litt glabb og babb inne i feltet. Og like etterpå er me farleg frampå igjen, utan resultat dessverre. Slitne og halvskada gutar må ut etter tur og på eit tidspunkt set me inn den som er minst skada... :-(
| | | Utan at Os sin siger var særleg trua i undertall 10 mot 11, så blir det ikkje betre med 2 gule kort til oss på slutten. Os aukar til 1-5 og 1-6 før dommaren - endelig - bles av kampen. Ikkje lett for gutane å sjå noko positivt etter 1-6 tap på heimebane, men dåke skal ha honnør for innsatsen mot eit veldig godt lag. Os 1 slo Stord 1 4-1 i vår, som i dag leiar 1.divisjon, så ein skal ikkje grave seg ned over store siffer. Ein må heller prøva å finna motivasjon til å prøva å nærma seg dette nivået, både individuelt og som lag. I forhold til dei fleste spelerane på lag som Gneist 1, Loddefjord 1 og Os 1, så har dåke eit år å gå på. Mykje kan betrast på eit år om ein verkeleg vil!
| | | PS: Om me ser på tabellen og deler den inn i heime- og bortetabell, så leiar me bortetabellen og ligg desidert sist på heimetabellen. Altså litt mot normalt:-) Heile laget vil ellers ynskje Tobias god betring!
| | | Laget: Magnus, Vebjørn H., Vegar, Henning, Oliver, Tobias, Simen, Marius, Patrick, Ruben, Niko, Daniel, Marcus Mål: 1-4 (69) Ruben
| | | - Trenarar Verner Fjelland og Bjarte Solheim | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |