
Aleksander hadde god kontroll bak fram til me blei redusert til 10 mann.

Warhel har tatt store steg sidan sommaren og har fått mykje fortjent tillitt av Kjell Magnar.
Lagoppstilling: 5-3-2
Andreas Eide
Warhel Suleman, Simen Røssland, Henrik L. Røssland, Aleksander Ekeland, Tony Berge Fondevik
Futsum Mebrathu, Endre Eide, Håvard Haga
Roger Røssland, Simon Korttila
Reserva
Andreas Charter Røyrvik, Dawit Kashay, Emanuell Onasaka
Sund - Trio 4-0 (0-0)
1-0. 65 min
2-0. 75 min
3-0. 80 min
4-0. 85 min
Når det er bortekamp i Bergen så er det ofte ledige seter i Triobussen. Laurdagens oppgjer mot Sund på Sotra var intet unntak. Ronny (5 gule), Lars B. (ferie), Martin (skada), Vemund (skada) og Eirik (sjuk) var utilgjengelige.
Kampen starta med at Sund trilla ball bak i forsvaret. Trio låg kompakt bak og satsa på kontringar. Me fekk nokre sjansar og den største sjansen fekk Simon då han kom aleina med keeper. Men Simon satte ballen rett på keeper. Lika etter var Sund farlig frampå men Sund presterte å bomma på Triomålet.
Banen vart dårligare og dårligare og når kampen nærma seg pause var det grønne graset blitt bytta ut med gjørma. Første omgang var svart jevn der Trio hadde dei største sjansane. Sund hadde ballen mest men dei brukte svært lang tid og Trio rakk å flytta laget etter. Det vart derfor ingen mål til nokon av laga då dommaren bles inn til pause.
Andre omgang starta med to store Trio sjansar. Haga og Simon var på hugget nede på venstrekanten. Etter fine kombinasjona skar Haga inn mot Sund-målet. Roger fekk ballen i fin posisjon ca 6 meter frå mål men veteranen måtte bruka venstro og vinkelen var litt liten. Ballen havna lika utanfor målet. Trio pressa på no og kunne tatt ledelsen då Henrik vant ein hovudduell på ein corner fra Endre. Men ballen sklei av panna og for ca 20 cm til venstre for mål.
Etter ein dødball til Trio fekk Sund satt i gong ein kontring. Sotra kom i stor fart langs vår venstreside der storscoraren, Spilde, til slutt mottok ballen. Han skar inn mot mål og fekk løsna eit skot frå svært skrå vinkel. Ballen lurte seg inn ved nærmaste stolpe til Andreas Eides store overraskelse.
Med ca 30 minuttar igjen på klokka var det fremdeles tid til å snu kampen. Men bare 5 minutt etter scoringa mista Futsum hovudet. Futsum tapte ein duell på midtbanen og prøvde å vinna igjen ballen. I ufarleg posisjon og med mange Triospelera på riktig sida av ballen så valgte dessverre Futsum å tackla motspelaren bakifrå. Han fekk dermed sitt andre gule kort og marsjordre.
Etter utvisninga vart det mykje vanskeligare å opprettholda strukturen i laget. Sund kom gong etter gong i overtall og etter 75 minutt satte dei inn 2-0.
Trio bytta no innpå Charter og Emanuell og slo no konsekvent i bakrom på dei. Men Sund fekk rydda opp og satte etterkvart inn både 3-0 og 4-0 før dommaren bles av kampen. Dawit kom også inn då det gjenstod 5 minutt men det er ikkje lett å gjera noko med ein mann mindre på banen. All honør til dei som var med i dag. Me kriga godt og kunne med litt flaks og dyktighet ha reist heim med poeng i bagasjen. Simen Røssland starta sin første kamp på A-lags nivå. Han gjorde ein kjempejobb som markeringsstoppar og putta storscoraren deira i lomma si i store delar av kampen.
Kampen for å halda seg i 4 divisjon til neste år er ikkje over enda. Me har ikkje sjans å nå igjen laget framfor oss på tabellen. Me er no avhengig av kva som skjer i bunnen av avdeling 1. (den andre 4.divisjons gruppa). Dersom me haustar fleire poeng i snitt pr.kamp en deira 9.plass så kan me berga plassen.
-Henrik L. Røssland-