|
Poengdeling mot Flaktveit | G16: Flaktveit1-Trio/Halsnøy1 2-2. Laurdagens kamp mot Flaktveit blei ein veldig nervepirrande kamp. Dessverre klarte heimelaget å utlikna 3 minutt før slutt. | | Etter å ha blitt nedsabla 1-6 mot Os 1 på heimebane, så var det spennande å sjå korleis gutane ville respondera. Flaktveit hadde ei imponerade rekke med resultat mot laga som me hadde tapt stort mot heime. Dei slo både Os 1 (2-3) og Gneist (0-2), og hadde spelt uavgjort 3-3 mot sterke Loddefjord - alle på bortebane. Ingen enkel kamp på papiret iallefall!
| | Dei fyrste 8-10 minuttane var prega av berre rot frå begge lag. Kanskje hadde gutane for stor respekt for Flaktveit, på bakgrunn av resultata, for ein våga ikkje å halde ballen i laget og pasningane framsto meir som klareringar i 'ingenmannsland'. Underteikna hadde, optimistisk som han er, ytra ønske om å kunne forhalda seg roleg på sidelinja i denne kampen. Men, da heldt i ca 5 minutt, for her trengte laget å få ein vekkar! (allikevel roleg i forhold til han på andre benken :-) )
| |  | Gode løp og to mål av Niko. |
Heldigvis tok gutane seg saman resten av omgangen og gjorde ting mykje enklare og ikkje minst meir presist. Ein spelte seg gjennom midtbaneleddet til Flaktveit på flott vis og fekk stadig satt opp Niko på høgrekanten. Eit par store sjansar blei det, men ein måtte vente til 19 minutt ut i kampen før scoringa kom. Flott spel på venstresida, der Sander til slutt får ballen heilt ute på sida. Han slår ein nydeleg ball langs bakken inn bak forsvaret til Flaktveit, der Niko kjem stormande og plasserer ballen kontrollert bak keeperen, 0-1!
| |  | Flott målgjevande av Sander. |
Dessverre så skulle leiinga bli kortvarig. Flaktveit får frispark 25 m frå mål nokre minuttar seinare. Frisparket blir avverga av Magnus, men ein Flaktveitspelar er fyrst på returen, 1-1. Kalddusj etter at gutane har dominert. Men, gutane lar ikkje dette gå nevneverdig innpå seg, og held oppe styringa av banespelet. Flaktveit slår stort sett langt i bakrom, der forsvaret og Magnus stort sett har kontroll. Me kjem til nokre sjansar til, ved Ruben, Niko og Marius. Mange av sjansane kjem etter at ein speler fri kantspelerane. Me har slitt med at ein blir for smale i angrepsspelet på grunn av kantar som altfor ofte vil inn i banen. I denne kampen var ein iallefall litt flinkare til å halde bredden.
| |  | Flott målgjavande av Marius. |
2. omgang starter med eit lite overtak til Flaktveit. Dei kjem til nokre greie sjansar, men Magnus avvergar bakerst. Gutane jobber godt og prøver å utnytte store avstander i Flaktveit sine ledd, når ein vinn ballen. Nokre ganger finn ein gode løysingar, medan ein andre gonger slår ballen i hytt og pine. Hadde ein vore litt meir kald i hovudet og spelt ballen enklare i overgangsfasen, så hadde da blitt mange fleire sjansar og sikkert fleire mål. I pausen hadde gutane og fått grei beskjed om å snu spelet mykje kjappare i midtbaneleddet (eit anna fokusområde som må jobbast mykje med). Kanskje ein skjønar betyndninga av dette betre når ein ser at resultatet ofte fører til scoringar som på laurdag. Me rullar opp angrep på venstresida til Marcus, speler via Patrick i midten, som kjapt snur vidare mot høgre til Marius. Marius slår ein flott stikkar i bakrom til Niko, som kjem stormande inn frå høgrekant - og vips så står det 1-2! Ja, takk. Meir av slikt er dåke snille :-)
| | Det blir hektisk på slutten, når Flaktveit flyttar fram mykje folk. Flaktveit kjem ikkje til nevneverdige sjanser, då gutane forsvarer seg godt og tvingar motstander til dårlege valg. Og med dei romma som opna seg framover, så burde me ha klart å utnytta overgangar litt betre. Dessverre så blir da bare nesten at me aukar leiinga. Og 3 min før slutt så får Flaktveit frispark frå skrått hald, og igjen slepp me inn mål på dødball, 2-2 :-(
| | Synd ein ikkje ror i land denne sigeren, men ein skal iallefall ta med seg da som var positivt i kampen. Kantspelet var betre og når ein gjer enkle valg og setter opp enkle trekanter over heile banen, så glir spelet veldig bra. Me må bare gjera det litt oftare :-)
| | Trio/Halsnøy sitt lag: Magnus, Vebjørn H., Vegar, Henning, Oliver, Patrick, Ruben, Simen, Niko, Sander, Marius, Håvard og Marcus.
| | Mål: 0-1 (19) Nikolai (Sander) 1-1 (22) 1-2 (70) Nikolai (Marius) 2-2 (77)
| | - Verner -
| |
| | | | | | | |
| |
| Siste nyhende | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | Les meir | [26.09.2019] |
| Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | Les meir | [25.09.2019] |
| Dette var for slapt | Les meir | [24.09.2019] |
| Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | Les meir | [24.09.2019] |
| Miniputtcup 29.september | Les meir | [22.09.2019] |
| Solid siger for damene | Les meir | [22.09.2019] |
| | | Lenkjer | | | |