Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

A-laget: Trio - Nordre Fjell 2-1

Klikk på bilete for full storleik
Gammalt og ungt. Øystein og Simen. 25 år skiller desse to spelerane
 
Årets siste heimekamp blei ein nervepirrande affære då Trio tok 3 viktige poeng mot Nordre Fjell på laurdag. Trio sine mål blei satt inn av Andreas Charter Røyrvik og Ronny Hamre.
 
Klikk på bilete for full storleik
Ronny har sendt Trio i ledelsen og blir gratulert av heile gjengen.
Klikk på bilete for full storleik
Charter fekk nokre mulighetar til å scora. Her blir han stoppa på veg igjennom av keeper.
Klikk på bilete for full storleik
Haga var på hugget gjennom heile kampen og var Trios beste spelar.
Klikk på bilete for full storleik
Thorkildsen kunne fort ha scora nokre mål men skulle bare dribla 1 mann til før han skulle setja ballen i mål.
Klikk på bilete for full storleik
Allkan, Vemund, Eivind og Martin fulgte spent med frå tribunen mens dei knaska i seg barneTV-godteriet sitt.
Klikk på bilete for full storleik
Midtstoppar og kaptein Ronny Hamre ligger på 2.plass på toppscorar lista vår med 5 mål.

Lagoppstilling (4-3-3)

 

Andreas Eide

Warhel Suleman, Ronny Hamre (C), Henrik L. Røssland, Aleksander B. Ekeland

Håvard Haga, Endre Eide, Roger Røssland

Simon Korttila, Andreas Charter Røyrvik, Sander L. Saghaug

 

Reserva

Andreas Thorkildsen, Emanuel Onasaka, Øystein Ersland, Dawit Kashay, Tony Berge Fondevik, Simen Røssland, Eirik Eikeland

 

Trio - Nordre Fjell 2-1 (1-1)

0-1. 6 min.

1-1. 17 min. Andreas Charter Røyrvik

2-1. 61 min. Ronny Hamre

 

Dersom Trio skal ha noko håp om å overleva i 4 divisjon så måtte me vinna laurdagens oppgjer mot Nordre Fjell. Kampen starta på verst tenkeleg vis då Nordre Fjell var frampå etter bare 6 minutt. Eit innlegg kom borti Aleks og skifta retning på veien inn mot mål. Forsvaret vart utspelt og Nordre Fjell spissen fekk måkt ballen inn i nettet bak Andreas Eide.

 

Trio sleit også denne kampen med å finna strukturen på midtbanen. Nordre Fjell fekk stå og kosa seg med ball og hadde ingen problem med å prikka inn ballar i bakrom og på kant. Etter 20 minutt måtte Roger Røssland forlata banen med ein strekk. Inn kom Andreas Thorkildsen og me la om til 4-4-2.

 

Trio sleit med å skapa dei store sjansane men på dødball var me farlege. I det 17 minutt fekk Trio corner. Endre slo corneren hard inn mot keeper der Trio hadde stabla ein haug med folk. Andreas Charter Røyrvik var på hugget og fekk luggen på ballen. Keeper hadde ikkje sjans å ta ballen og Trio hadde utligna til 1-1. Resten av omgangen var ganske uryddig frå Trio si side og var heldig som ikkje slapp inn fleire mål. Det vart 1-1 til pause.

 

I pausen var kaptein Ronny og Kjell Magnar særs missfornøgd med gjennomføringa av 1 omgang. Midtbanen måtte begynna å plukka kvar sin man defensivt og me måtte begynna å flytta beina hurtigare. At folk ikkje innsåg at me står i fare for å rykka ned er heilt utruleg! Kapteinen mana til krig og me gjekk ut til 2.omgang med ny glød.

 

I andre omgang var Trio best. Me klarte å spela meir ball og me kom oss mykje rundt på kantane. Håvard Haga gjekk foran som eit godt eksempel og var både høgt og lågt. Me braut Nordre Fjell mykje på midten og i det 60 minutt fekk me eit innkast høgt i banen. Me flytta opp Ronny og la opp til eit langt innkast. Men Haga og Sander lurte alle og tok eit hurtig kast ned ved hjørneflagget. Haga vendte opp og fant Ronny på 10 meter. Med ein mann i ryggen fekk Ronny sendt avgårde eit volleyskot som suste inn i nettet bak ein sjanselaus keeper. Ei deilig og fortjent scoring!!

 

Etter scoringa slapp Trio seg meir nedpå og Nordre Fjell kom meir med i kampen. Sander hadde sprunge og sprunge gjennom heile kampen og forlot banen til fordel for Emanuel. Simon var også ferdig og inn kom Tony Berge Fondevik. 

 

Nordre Fjell fekk nokre store sjansar men sleit med å få ballen i mål. Då det gjenstod 15 minutt av kampen kom ein legende innpå. Øystein Ersland har trent med Trio den siste måneden og var no klar for bidra. Han satte straks fart i Trioangrepet igjen og skapte mange overgangar som burde ha resultert i mål. Dawit og Simon var også komt innpå og me jaga den berømte 'spikeren i kista'- scoringa.

 

Både Thorkildsen og Dawit var svært nære ei scoring men det ville seg ikkje. Nordre Fjell fekk nokre farlege dødballar mot slutten men Trio klarte å stå i mot. Det var derfor ein svært letta Triogjeng som kunne jubla då dommaren bles i fløyta.

 

No er det bare 1 kamp igjen. Dersom Fitjar taper sin kamp i dag (søndag) vil Trio enda på 9.plass (4.sist). For at Trio skal behalda plassen må me også sjå kva som skjer med Fyllingsdalen2 i 3.divisjon. Dersom dei rykker ned til 4 divisjon så MÅ Fyllingsdalen3. som spelar i avdeling 1 i 4.divisjon også rykka ned (dei kan ikkje ha to lag i samme divisjon).

 

A-laget vil takka alle som stilte opp på laurdag. Fantastisk å sjå så mange på tribunen igjen! Ekstra kjekt var da å høyra det velkjente 'heia Trio' -ropet anført av Røyrvik-klanen på tribunen. Da varma!!

 

-Henrik L. Røssland-

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart