|
God prestasjon i lokalderby | | G14: Trio2-Rosendal/Uskedal 2-2. Smågutane er vane med å få ein leksjon når vi møter velspelande rosendelingar, men vi tek sakte men sikkert innpå og når vi klarer å prestere så godt som lag som vi gjorde i dag, så var det kjekt for gutane (og sikkert foreldra) at vi også klarte å utlikne på tampen. Resultatet er det ikkje nøye med, men prestasjonen skal vi vera nøgde med i dag. | | | Synd at Joakim måtte kaste inn handduken før kamp grunna skade, noko som medførte ein del rokeringar i forsvarsoppstillinga. Men 13 staute gutar er meir enn nok til kamp det, også sjølv om Daniel sleit med kneet og ikkje klarte å spele så lenge. Det førte blant anna til at Yonas fekk spele full kamp, og han takka for tilliten med ein strålande innsats. Det gjorde også resten av laget og. | | | Vi startar litt passivt og Rosendal får ta føringa i spelet. Vi let dei kome litt for lett til og er ikkje tett nok oppe i duellane, noko vi snakka om før kampstart. Bortelaget går også tidleg i føring, utan at vi er skikkeleg skrudd på. Og 0-2-målet er eit flott skot, men han får lov å skyte litt for upressa. Men utover i omgangen klarar vi å kjempe oss inn i kampen, opp i motstandaren og hindrar store sjansar i mot. | | |  | | Benjamin er særs lik på ein av Askeladdens gode hjelparar :) |
Med ball lukkast vi bra med det vi snakka om før kamp. Vi tør å prøve, tør å spele oss ut bakfrå, tør å ta ned ball å slå gode pasningar. I tillegg har Benjamin endeleg hatt ei veke uten smerter i hælen, noko som har sett han tilbake heile sesongen. Han har sett fyrrig ut på trening sist veke og i dag løysna det også i kamp. Og då er det nett som å sjå han lettbeinte frå Askeladden og dei gode hjelparane (7:35). Tvilar ikkje på at også Benjamin kunne sprunge til verdas ende og henta vatn! Men i dag nøyde han seg med å renne opp og ned langs venstrekanten. Så også då Yonas kjempa godt og vann ballen to gonger, før Sander tok over og crossa gjennom til lynvingen frå Sandvoll. Benny raste i frå og sette ballen i ei kontrollert bue over keeper, 1-2. | | |  | | 2 mål av Benjamin. |
Nokre gode sjansar til hadde vi også. Lars kanskje nærast på ein hælflikk etter frispark frå Tarmo, men ballen spratt over mål. Dermed sto 1-2 seg til midtvegs. Pausepraten gjekk på å forsterke det vi etter kvart ha vore gode på. Defensivt ein solid siste halvdel av omgangen, og offensivt fine tendensar. Klarte vi meir av det, samt å bruke stemmen enda meir, så skulle det bli bra. | | |  | | Særs god kamp av Sander. |
Og det vart det. Vi leverer ein sterk andre omgang og nektar Rosendal bortimot heilt å kome til sjansar. Offensivt skaper vi ikkje all verden, det var tett og intents over heile banen, men minuttet før full tid skulle vi også få utlikninga. Synd for Rosendal sin knallgode keeper at han var uheldig og mista ballen på Sander sitt frispark, men Lars var påpasseleg frampå og snappa nedfallsfrukta. Han serverte over til Benjamin, som enkelt tuppa 2-2 i tomt mål. Stor jubel! | | |  | | Gaute sprang fleire mil! |
Kjekt for gutane at vi får løn for strevet også. Midtbanetrioen vår har for tida verkeleg skjønt kva som skal til og jobbar som heltar alle mann. Sander og Gaute sine løp både framover og heimatt er viktige begge vegar og Espen styrer midten som ein gud. Tarmo og Ole Martin har også oppsiktsvekkjande god kontroll på Rosendal sin knallgode spiss. Og dei andre heng seg på. Vi kjempar velspelande Rosendal ut av stilen, og vågar samstudes å spele ball sjølv. | | |  | | Meget solid stopparspel av Tarmo. |
Så er det ny kamp i morgon, borte mot Halsnøy. Det blir ei vel så tøff oppgåve og vi veit som alltid at gutane frå balløya vil gje alt. Klarar vi å gjere det same, håpar vi å kunne revansjere 3-4-tapet på heimebane tidlegare i haust. Kampfakta frå KvednabekkjenG14: Trio2-Rosendal/Uskedal 2-2 (1-2) 0-1 (9 minutt) 0-2 (16 minutt) 1-2 (22 minutt) Benjamin Skarveland 2-2 (69 minutt) Benjamin Skarveland | | | Tilskodarar: Tja, ca 35 stk Dommar: Erik Voster Solberg | | | Trio sitt lag: Tormod Sund Vårdal, Eirik Kjerpeseth Rusten (Anders Dyrhaug Solheim frå 25 minutt), Tarmo Tars, Ole Martin Byrknes, Marcus Nilsen Mathisen (Eirik frå 53 minutt), Gaute Thorkildsen, Espen Aakre Sjo, Sander Dolonen Brækken, Benjamin Skarveland, Lars Olderkjær Larsen (Daniel Sørtveit frå 35 minutt, Lars inn att frå 53 minutt), Yonas Debesay. | | | - Trenar Are Ulseth | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |