|
Fartsfylt på Halsnøy |  | | På høg tid med sigersjubel for G14. |
| | | | G14: Halsnøy-Trio1 4-6. Smågutane tok ein solid siger på Olympiastadion på Halsnøy. Det vart ein fartsfylt 7arkamp, då heimelaget er for få til å stille 11ar i haust. Mange sjansar begge vegar, og klart flest til oss. Kjekt at vi etter kvart fekk utteljing også. | | | Med 12 mann med på tur, vart det jamnt fordelt med ein omgang på alle utespelarane, med unnatak av Espen, som fekk full kamp i midtforsvaret. Då gjaldt det å nytte speletida si godt, og det gjorde vi i dag. Stor speleglede og bra tempo frå vår side. Det var også tema før kampstart, hurtige igongsettingar og driv framover i banen.
| | | Vi starta førsteomgangen godt og dominerte med fine kombinasjonar offensivt. Det mangla berre litt i det siste trekket fram mot mål. Vegard prikka rett nok inn ein retur etter godt skot frå Ole Martin, men elles var marginane i mot framom mål. Robin hadde to store sjansar, så var det Ole Martin med to kjempesjansar. I staden snudde Halsnøy kampen i løpet av 40 sekund med to kjappe scoringar.
| | | 3-1 kom også ti minutt før pause, men vi hadde like fullt vel så mange sjansar. Ole Martin gjorde ein solid omgang sentralt, berre utteljing i form av scoring mangla på ein perfekt omgang frå han. Simen hadde mange løp langs høgrekanten, men som sagt, det siste lille mangla framom mål. Dermed gjekk vi til pause med 1-3 i minus, utan grunn for panikk. Flott innsats også av debutant Vegar HT, som sto fram som ein klassestoppar i lag med Espen. Kjekt å sjå at dei begge bidreg offensivt også :)
| | |  | | Flott innsats på topp av Edvin. |
Andrerekkja hadde valdsam tenning og tok tempoet enda eit par hakk opp i starten av omgangen. Edvin kom inn på topp og viste ein aggressivitet vi aldri før har sett frå den kanten. Han jaga og pressa motstandarforsvaret og gjorde at dei aldri fekk sett skikkeleg i gang bakfra. Og Sander og Gaute bidrog med enorm løpskapasitet og gav aldri fred defensivt, samtidig som dei gong på gong braut gjennom. Gaute laga seg reine motorvegen opp langs venstrekanten og kom til haugevis av innlegg. Det gav også resultater. Første gongen Edvin fekk ballen servert, fekk ikkje ro til anna enn å avslutte rett på keeper. Men så var han blitt varm i trøya og på tre minutt hadde han utlikna med to flotte skot. Begge etter klasseangrep frå vår side. Kort etter kunne han også fullbyrda hat tricket, men det vart med nesten.
| | |  | | Glitrande kantspel av Gaute. |
Men vi heldt fram med å køyre kampen og Sander sendte oss i føring med å avslutte eit perleangrep midt i omgangen. Rett etter var han på ny på farten, men då gjekk ballen i stolpen. Så kjempa Halsnøy seg inn i det igjen og skapte fleire gode sjansar. To gonger hadde vi hjelp av stolpane og to gonger var det flotte redningar av Vegar T som hindra utlikning. Men til slutt måtte den kome, 4-4.
| | | Likevel, denne kampen ville vi vinne og jubelen gjekki taket då Mathias var på plass og knalla inn returen etter at keeper hadde teke ut sitt beste på eit skot frå Edvin. Og derifra var vi ikkje trua. Vi trykka på og Sander punkterte då han kom gjennom på eit raskt og langt innkast frå Jonas, som viste fine takter på midtstopparplass i andre omgang. Kort og godt ein velfortent siger til oss.
| | | Ingen grunn til å kvile på laurbæra. Kamp både laurdag og søndag i helga. Heime mot Bremnes laurdag kl 10(!), før det blir bortetur til Stord 2 på søndag. I mellom der skal 4 av våre bidra i kampar for G13, G16-2 og G16-3. Da e slik ungdomen lika! Kampfakta frå Halsnøy kunstgrasG14: Halsnøy 7ar-Trio1 4-6 (3-1) 0-1 (5 minutt) Vegard Fausk 1-1 (10 minutt) 2-1 (11 minutt) 3-1 (22 minutt) 2-3 (43 minutt) Edvin Vågen Bjørgvik 3-3 (46 minutt) Edvin Vågen Bjørgvik 3-4 (51 minutt) Sander Dolonen Brækken 4-4 (58 minutt) 4-5 (64 minutt) Mathias Gjelseng 4-6 (67 minutt) Sander Dolonen Brækken
| | | Dommar: Marcus Størksen
| | | Trio sitt lag (pausebytta i parentes): Vegar Teigen, Espen Aakre Sjo, Vegar Hellesen Tømmervik (Jonas Teigen), Simen Hellevik Lie (Gaute Thorkildsen), Ole Martin Byrknes (Sander Dolonen Brækken), RObin Steinsletten (Mathias Gjelseng), Vegard Fausk (Edvin Vågen Bjørgvik).
| | | - Trenar Are Ulseth | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |