|
Årsbeste i siste kamp |  | | Gøy på McDonalds etter kampen. |
| | | | J12: Bremnes-Trio 4-0. 12-års jentene til Trio avslutta tirsdag seriespelet i sin første sesong i lag. Bremnes vart for sterke og vann til slutt 4-0, men det ga ikkje eit rett kampbilde, det var mykje jevnare enn som som så. | | |  | | Trio sin beste i dag: Sandra |
Jentene som åpna sesongen med 3-12 tap i Sagvåg mot Solid i april, framstår no 6 månader seinare som eit heilt anna fotball-lag som har tatt stpre steg på kort tid. Det som manglar fortsatt – og som gjer at vi taper kampar med nokre mål enno – er litt meir resolutt opptreden i dei 2 målgårdane. Vi spelar i dag ein meget god kamp og har vel så mange målsjansar som Bremnes. I andre omgang har vi mange fleire enn Bremnes, men dei vinn likevel omgangen 1-0 etter mål på ein av få sjansar i andre halvdel av kampen. Hos oss har både Ida, Nadine, Emma, Synna og Luwam gode muligheter, men det vil seg ikkje. Vi gjekk og glipp av eit straffespark etter soleklar hands i Bremnes feltet.
| | | Med andre ord ein litt merkelig kamp, der Bremnes vinn kampen på ein god keeper og 2 dominerande utespelarar, men sjølv med desse på banen spelar vi heilt jevnt med heimelaget, men dei er hakket bedre i dei 2 boksane. Sandra har tatt store steg i haust og var vår bestemann i dag. Meget bra kamp i forsvar av den allsidige idrettsjenta frå Herøysundet, eg klarte ikkje sjå ein einaste feil frå Sandra i dag!
| | | Jentene har gjennom seriespelet utvikla seg betydelig. Fra store tap i starten har dei klart 2 uavgjorte, men har mangla seieren i første sesong. Vi vaksne kan snakka mykje om at resultat ikkje betyr noke. Då er det flott å høyra ei av jentene på vei fra stadion i dag sei følgande: «vi har ikkje vunne ein einaste kamp i år, men vi har hatt det fantastisk kjekt». Og det er jo det idrett handlar omJ. Svært kjekt og å følga jentene desse 6 månadene og registrera framgongen veke for veke.
| | | Vi feira avrundinga av seriespelet på McDonalds på Heiane og det var svært populært.
| | | Vi trenar fram til utgangen av november før vi tar fotballfri i desember.
| | | Takk til Karen Anne for god jobb som lagledar og godt reisefølge på turane i år og takk til Raymond Støle som sjåfør av bil 3 i dag.
| | | - Trenar Per Einar Gjerding | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |