Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Ny slitesiger på bortebane!

Klikk på bilete for full storleik
 
G13: Nord-Trio 1-2. I går kveld var Trio G13 på reis til Haugalandet igjen, og denne kvelden var det Nord som var motstandar. Dette er eit lag vi har hatt besøk av heime på Kvednabekkjen eit par gonger i år, og vi visste etter den siste kampen at dette vart tøffe tak.
 

Heilt frå starten i fyste omgang fekk vi bevis på at spådommane våre var korrekt. Vi sleit med å få pasningsspelet til å sitja, og Nord-spelarane gav oss lite fred. Det vart mange tøffe duellar, litt for mykje lange ballar og lite finspel. Likevel gjer gutane ein strålande innsats. Dei trør til i duellane og jagar ball heile omgangen gjennom. Vi skapar nokre sjansar ved eit par høve, men det blir berre nesten. Nokre sekundar før dommaren bles til pause kjem likevel den muligheten vi venta på. Denne gongen er det Daniel som vinn att ballen høgt oppe i banen, gjer ein flott innsats på høgresida, og inne føre mål dukkar målsniken Lars opp og set inn 1-0. Det vert berre tid til å ta avspark før dommaren bles for pause.

 
Klikk på bilete for full storleik
Matchvinnr Magnus Tera.

Andreomgang fortset som den fyrste. Duellar, lange pasningar og hardt arbeid pregar kampen. Ingen av laga klarar å spela seg til dei store sjansane, og det kan sjå ut til at vi har god kontroll bakover på banen. Men midtvegs i omgangen er det Nord som kjem på ein visitt, og denne gongen set pasningane hos dei. Vi heng ikkje heilt med, dei spelar seg fri midt føre målet vårt, og set inn utlikningsmålet. No prøver begge laga å jage nytt mål. Det er harde tak på banen og vi får fleire frispark frå distanse, men klarar ikkje utnytte desse. Med berre 4-5 minuttar att på klokka får Magnus eit fint gjennomspel, og frå ca20 meter klinkar han ballen kontant inn nede ved stolperota. Jubelen er stor og alle gutane stormar til for å gratulera. Dei siste minuttane kontrollera vi inn, og vinn ein ny spanande kamp. Flott innsats av alle gutane gjer at vi på nytt hentar inn 3 poeng. No er det ein heimekamp mot Vard, og ein bortekamp mot Djerv1919 att av denne sesongen, og vi gler oss alle til ein spanande innspurt.

 

Strålande innsats av desse gutane i dag:

Torstein, Sander S, Joakim, Brynjar, Emil, Daniel, Lars, Martin, Mads, Marcus og Magnus.

 
- Tore og Osa
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart