|
Plassen førebels berga | | Då er spaninga framleis til å ta og føle på for om Trio skal berge plassen i 4.divisjon. Trio slo NBK i går og sørga for at Fitjar går rake vegen ned i 5.divisjon. Men heller ikkje på fjerde sisteplass i avdeling 2, er ein trygg på om plassen blir berga. Sjølv om 4.divisjon vart ferdigspelt i dag, blir det ikkje avgjort før neste helg! | | | I avdeling 1 overraska Smørås i dag med å banke opprykksjagande Follese, men i staden tapte Nymark. Fyllingsdalen 3 vann også. Det betyr at Nymark blir 3.sist og rykker ned. Fyllingsdalen 3 vart 4.siste lag, og har betre poengsnitt enn Trio, som vart 4.sist i avdeling 2. | | | Det betyr at Trio er sjuande dårlegaste lag i 4.divisjon, der 7 lag skal ned. Ergo nedrykksplass. MEEEEN.......Fyllingsdalen 3 blir tvangsflytta ned frå 4.divisjon som følge av at Fyllingsdalen 2 rykkjer ned frå 3.divisjon. Ergo er Trio på trygg plass i skrivande stund. Med minste margin. MEEEEN......Så kom det altså melding frå Hordaland fotballkrets før helga, om at eitt ekstra lag skal ned frå 3.divisjon i Sør-Noreg i vår. Ikkje berre dei 3 dårlegaste i kvar avdeling som vanleg, men også dårlegaste lag av dei på 11.plass i totalt 10 avdelingar. Og her har Tertnes ligge sveitt an i Hordaland si avdeling. Dei låg sist før helgas runde, noko som då ville resultert i nedrykk, og også eitt ekstra lag ned frå 4.divisjon (altså Trio). | | | Alt dette avgjerast neste helg. Tertnes vann i går og i skrivande stund er 'tabellen' blant dei dårlegaste laga på 11.plass som følgjer: Tertnes (3.div avd 7, Hordaland) 25 poeng (-22 i mål) Ullensaker/Kisa2 (3.div avd 2)... 25 poeng (-24 i mål) Oslo City (3.div avd 3).............. 24 poeng (-33 i mål) | | | Trio sitt håp ligg då i at dårlegaste 11ar ikkje er frå Hordaland si avdeling. - Tertnes har att heimekamp mot Austevoll. Med siger får dei 28 poeng, Nest-Sotra2 har berre 27 og har att Brann2 borte. - Oslo City har att botnlaget Oldenborg borte, og kjem truleg opp på 27 poeng. - Ull/Kisa2 har att Strømmen2 heime. Kampen går same dag som Ull/Kisa sitt førstelag spelar viktig kamp om opprykk til OBOS-ligaen. | | | Har vi forstått dette rett, må altså Trio leve i spaning til siste runde i 3.divisjon komande laurdag. Og det kan faktisk sjå ut til at Halsnøy er i tilsvarande situasjon i divisjonen under. Må Trio ned i 5.divisjon, ser det ut for at Halsnøy må ned i 6.divisjon! | | | Som om dette ikkje er nok. Etter at juniorlaget vårt, Trio/Rosendal/Halsnøy G19 tok ein sterk siger med 5-3 over Åsane 1 i Rosendal i dag, så er laget førebels på trygg plass i 2.divisjon. Men om Djerv/Nordnes slår Askøy på tysdag, kan det likevel bli nedrykk. Hausten er ei spanande tid... | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |