Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Tett program

Klikk på bilete for full storleik
 
G14: Medan andre er så uheldige at dei driv og avsluttar fotballsesongen, kjem kampane tettare enn hagl for smågutane. Vi har rett nok 2 lag i serien, men 6 kampar på 11 dagar er uansett heftig. I helga var det heimekamp mot Bremnes og bortekamp mot Stord.
 

Bremnes er eit lag vi har slite med før, og aldri har vi vore så godt på talefot med dei som laurdag formiddag på Kvednabekkjen. Her var vi fullt på høgde og i periodar førte vi spelet ganske klart. Problemet vårt var at Bremnes spelte veldig direkte opp på sine to lynraske og veldig gode spissar. Dei kontra inn 4 mål på oss i første omgang og vi sleit med å demme opp bak. Her har vi litt å lære.

 

Men med ball var det mykje bra. Både på frispark ved Tarmo og på fleire andre sjansar kunne det blitt mål, men det vart det kun då Marcus - spiss for dagen - la i støtte til Tarmo, som vrengte ballen i hjørnet frå 20 meter. Men altså, med kontringane i mot sto det sure 1-4 til pause.

 

Vi hadde ikkje gjeve opp av den grunn. I andre omgang tok vi over spelet og heldt trykket oppe godt inne på Bremnes sin halvdel. Det gav løn for strevet midt i omgangen, då vi på ettertrykket etter corner fekk ein ivrig Benjamin rundt på kant. Ballen 45 grader bak i feltet, og der styrte bursdagsbarnet Brynjar (13) ballen i korthjørnet. Fem minutt seinare var Benjamin på ny på farten. Der han i første omgang gjekk seg fast i motspelarar, kom han no oftare fri i rom. Då er det ikkje mange som følgjer han. Innlegget gjekk gjennom feltet og bak kom Mathias og styrte ballen vakkert i nota. 3-4 og spaninga var til å ta og føle på.

 

Men det ville seg ikkje. I staden var Bremnes frampå på overtid. Det endte med straffespark og på kampens siste spark på ballen, sikra dei 3-5-siger. Her var det mykje bra å ta med seg.

 

Laget mot Bremnes:

Vegar Teigen, Robin Steinsletten, Joakim Heimvik, Mathias Gjelseng, Eirik Kjerpeseth Rusten, Gaute Thorkildsen, Ole Martin Byrknes, Tarmo Tars, Benjamin Skarveland, Marcus Nilsen Mathisen, Vegard Fausk, Brynjar Holmedal Gjerding, Jonas Teigen, Vegar Hellesen Tømmervik.

 

Mål: Tarmo, Brynjar og Mathias.    -   Trio sin beste: Tarmo og Joakim.

 

Søndag var det så bortetur til Langeland der Stord 2 venta. Vel, i dag var det i stor grad Stord 1 av ulike grunnar, og dei veit vi er eit nummer for gode for oss. Vi leverer 20 veldig gode minutt i starten og Edvin sette inn ei redusering til 1-2 på eit strålande angrep. Benny vendte spelet via Gaute. Ut til Daniel på høgre, flott innlegg og kontant i mål frå Edvin. Kvifor var det ingen som jubla??

 

I staden for å få positiv energi av dette, datt vi saman og lot oss overspele fullstendig siste kvarteret. Stord scora 4 kjappe, og det sto 1-6 til pause. Vi heva oss noko i andre omgang, men Stord er som sagt eit par hakk betre enn oss og vann til slutt 11-1. Ein litt under middels kamp frå oss, der særleg Yonas skal ha pluss for å ha levert veldig bra. Magnus frå G13 kjem også inn på topp og gjer ein god jobb som oppspelspunkt. Mange andre har litt å gå på når det gjeld tenning og vilje. Men for all del, vi har levert mange gode kampar i det siste, så ein liten nedtur skal vi tåle.

 

På tysdag er det heimekamp mot Stord 3, så ventar bortekamp mot Trott 2 på torsdag, før det blir litt rolegare. Det kan trengast, for vi har ein del slitne bein om dagen. Vi prøvar å byte litt om på posisjonane slik at ingen slit seg heilt ut, men såg i dag at det var tungt for fleire. Men karar som Mathias, Benjamin og Edvin ser ut til å mykje på lager for tida, og skal få spele begge kampane til veka :)

 

Laget mot Stord:

Tormod Sund Vårdal, Ole Martin Byrknes, Espen Aakre Sjo, Yonas Debesay, Benjamin Skarveland, Sander Dolonen Brækken, Gaute Thorkildsen, Daniel Sørtveit, Edvin Vågen Bjørgvik, Anders Solheim Dyrhaug, Magnus Tera.

 

Mål: Edvin    -    Trio sin beste: Yonas

 

- Trenar Are Ulseth

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart