Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

A-laget: Nordhordland-Trio 0-2

Klikk på bilete for full storleik
Håvard Haga har vist god form og har vore ein viktig spelar for Trio i høst
 
Dersom Trio skulle ha noko håp om å overleva i 4. divisjon, så måtte laurdagens oppgjer mot Nordhordland vinnast. Me var også avhengig av resultat fra den andre avdelinga i 4. divisjon i tillegg til resultat fra 3. divisjon. Trio gjorde jobben sin og vant 2-0. Me var også heldig med resultat fra 4. div. Til helga får me veta om me beholder plassen når 3. divisjon gjer seg ferdig med sesongen.
 
Klikk på bilete for full storleik
Roger innehar mange rekordar som Triospelar. På laurdag sikra han seg sikkert enda ein då han fekk 2 gule kort på bare 7 minutt på banen.
Klikk på bilete for full storleik
2 mål på 2 kampar. Charter har flydd høgt i det siste og har vore sterkt delaktig til at Trio har tatt 6 poeng på 2 kampar.
Klikk på bilete for full storleik
Ein maskin på banen som trøkker til i duellane. Men har han tatt ny Triorekord? 9 gule og 1 rødt på Futsum i løpet av sesongen?

Lagoppstilling 4-4-2

Andreas Eide

Vemund Grønstøl, Ronny Hamre (C), Henrik L. Røssland, Aleksander B. Ekeland

Futsum Mebrathu, Håvard Haga, Endre Eide, Sander L. Saghaug

Andreas Charter Røyrvik, Simon Korttila

 

Reservar

 Roger Røssland, Tony Berge Fondevik og Martin Veastad

 

Nordhordland-Trio 0-2 (0-2)

0-1. 20 min. Andreas Charter Røyrvik

0-2. 40 min. Håvard Haga (str)

  

Trio begynte kampen med å ligga kompakte bak og venta til NBK kom til midtbanen. Når me vant ballen så skulle me slå langt i bakrom på Simon eller på pannebrasken til Charter. Kampen bølga fram og tilbake i starten der begge lag hadde nokre sjansar. Henrik burde sendt Trio i føringa då Endre slo ein perfekt corner. Men headinga sklei av panna hans og enda i ingenting. Like etter var NBK frampå etter eit svakt tilbakespel av Endre. Men NBK spissen valgte heldigvis å chippa fra 20 meter og ballen for høgt over mål.

 

Men i det 20 minutt blei ballen slått langt på Simon. Han jaga ballen men NBK forsvaret fekk kontroll. Simon ga seg ikkje og tvang NBK forsvaret til å spela tilbake til keeper. Men tilbakespelet var slapt og Charter var på hugget. I duell med keeper kom Charter seirande ut og satt inn ledarmålet til Trio. 0-1.

 

10 minutt etterpå var Simon på farten igjen. Ein NBK forsvarar sklei då han skulle klarera og Simon fekk tak i ballen. Han satte fart mot mål men vart innhenta av ein NBK forsvarar. Men NBK forsvararen måtte ty til ulovlege midlar for å stoppa Simon og dommaren peika korrekt på straffemerket. Haga gjorde seg klar til å ta straffen og han gjorde ingen feil. 0-2! Det vart også resultatet til pause.

 

I pausen var me svært nøgd med gjennomføringa av første omgang. Alle gjorde det dei skulle og me fullførte kamp planen til Kjell Magnar til punkt og prikke. Banen til NBK inviterte heller ikkje til noko finspel denne laurdagen noko som absolutt var til våras fordel. NBK brukte mykje tid på å flytta ballen noko som gjorde det svært lett å forsvara seg mot. No gjaldt det bare å stå i mot presset frå NBK og utnytta overgangane.

 

Andre omgang arta seg akkurat som me hadde forutsett. NBK hadde gjort 2 bytter i pausen i tillegg til å legga om formasjonen. Dei spelte no med 3 bak noko som gjorde at spissane våre fekk meir rom på topp. NBK pressa oss høgare i banen men me låg kompakte bak. I tillegg flytta dei ballen seint. Alle mann la ned ein heilhjerta innsats denne omgangen og me gjorde NBK spelerane frustrerte. Feilpassningane deira blei fleire og fleire og Trio brukte god tid på å henta ballen. Me fekk nokre gule kort pga uthaling av tid.

 

Mot slutten av kampen fekk me mange overgangar som me burde ha utnytta bedre. Men pga trøtte bein så fekk ein ikkje omsatt sjansane i mål. Martin, Roger og Tony blei kasta innpå for å sikra sigeren. Roger Røssland viste bra tenning då han kom innpå og presterte faktisk å slå 'rekorden' til Andreas Thorkildsen men å få 2 gule kort med bare 7 minutt på banen. Det vart derfor marsjordre på ringreven og Trio var nede i 10 mann dei siste minuttane. Men Trio klarte å stå i mot og me tok ein viktig sliteseiger mot eit heimelag som ikkje er vane med å avgje poeng på heimebane.

 

Heile laget fortjener ros i dag! Men Håvard Haga fortjener ekstra skryt. Nok ein gong var han både høgt og lågt og han gjorde jobben til NBK midtbanen svært vanskeleg.

Simon Korttila var også på hugget i dag og var nest sist på ballen på begge scoringane. Hadde me hatt ein liknande arbeidsinnsats som me har hatt dei 2 siste kampane så hadde nok tabellen sett anerledes ut. No er me avhengig av resultat frå 3 div. og me må håpa på at Tertnes tek 3 poeng i deira siste kamp.  

 

Gutane på A-laget vil også retta ein stor takk til Hanne Larsen som hadde tatt turen ut til Knarvik gress på denne vakre laurdagen for å sjå sesongens siste kamp!!

 

-Henrik L. Røssland-

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart