|
Siger i siste heimekamp | | | | | G13: Trio-Vard Haugesund 4-3. I kveld spela Trio G13 sin siste heimekamp for sesongen. Motstandar i kveld var Vard Haugesund, som i bortekampen i haust gav oss ein skikkeleg 'på tygga'. Den kampen enda med 5-1 tap, og vi hadde difor ein del å hemna til denne kampen. | | |  | | Flott kamp av tomålsscorar Mads. |
Gutane var absolutt på frå start, og tråkka skikkeleg til i duellane. Dei gav ikkje Vard rom til å gjera noko, og hadde god kontroll. Vi klarte etter kvart å få ballen til å gå langs bakken, og innimellom fort nok til at vi klarte skapa nokre gode sjansar. Midtvegs i omgangen går vi opp i leiinga. Etter flotte kombinasjonar gjennom midtbanen og fram langs venstresida, er det Mads som på eit forsøk på å vippe seg gjennom, spelar ballen i handa på ein Vardforsvarar og vi får straffe. Daniel er som vanleg sikker som banken. | | | Berre eit par minuttar etter er det tid for nok eit flott angrep. Det startar heilt frå eige forsvar, flott spel opp i midtbanen, der etter kvart Lars spela ein nydeleg stikker til Mads, som skorar sikkert. Resten av omgangen har vi god kontroll, og går til pause med ei 2-0 leiing. | | |  | | Martin 'det er alltid plass i krysset' Arnesen. |
Gutane fortset med den gode innsatsen frå start i andre omgang. Det går difor ikkje meir enn eit par minuttar før vi går opp i 3-0. Denne gongen er det Martin som prøver seg frå sida, med det som kan minna om eit innlegg. Men ballen får ein ekstra skru og vrir seg over målvakta og i mål ved motsatt stolpe. No kjenner vi at dette bør gå vegen, og dett litt nedpå. Vard kjem på ein sjeldan visitt føre vårt mål, og pressar oss hardt nok til at vi gjer ein feil. Dei får difor ein kjapp redusering, og vi har kamp igjen. | | |  | | Særs solid kamp av midtstoppar Joakim. |
No klarar vi ikkje heilt å ta tak i det igjen, og Vard klarar nok ein gong å redusera. Vard køyrer på med lange ballar opp i banen, og kjem på fleire visittar på halvdelen vår. Men etter kvart klarar vi å roa oss nok til å få ballen ned på bakken igjen. Det er difor fullt fortent når vi går opp i 4-2 omtrent 5 minuttar før slutt. Daniel gjer ein strålande jobb med ballen på midtbanen, og sender Mads gjennom, og åleine med keeper gjer han ingen feil. No roar pulsen seg litt og klokka går mot full tid. Men nok ein gong kjem Vard på besøk, og klarar etter litt klabb og babb å setja ballen i mål. Det vert difor eit par spanande minuttar med tillegg, som gutane med stor ro kontrollerer inntil siger. | | | Ein kjempejobb av samtlige spelarar i kveld gjer at vi neste onsdag reiser til Haugesund for å spela seriefinale mot Djerv 1919. | | | Desse var med i kveld: Torstein, Sander S, Joakim, Martin, Brynjar, Daniel, Lars, Mads, Emil, Marcus, Magnus T og Alen. | | | - Tore og Osa | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |