Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Toppscoraren

Som vanleg oppdaterast alle målscorarar i årsklassane frå 13 år og oppover i ei oversikt slik ligg nede til høgre på nettsida (gult felt, 'Målscoraren'). No nærmar sesongen seg slutten, og når dei fleste laga har ein kamp igjen av sesongen, tronar yngste blad Lillesand temmeleg einsam på toppen.
 

Totalt har 94 ulike spelarar notert seg i målscorarstatistikken. Flest er det på G16-nivå, der vi har 3 lag og totalt 24 spelarar har scora. På G14-nivå (2 lag) har 20 spelarar hatt nettsus. For eitt einskild lag har 18 spelarar scora for Trio G14-1, medan Trio/Halsnøy G16-2 har 16 ulike målscorarar.

 
Klikk på bilete for full storleik
Toppscorar: Sofie Lillesand.

Men aller flest mål er det Sofie Lillesand som har scora. Ho står med totalt 35 scoringar så langt, og er også den som har scora flest for eitt einskild lag med 22 nettkjenningar for Trio J13-2. I lag med andre nyter ho godt av å spele på fleire lag, i haust har ho også bøtta inn mål for Trio J16. For nettopp jentelaget har elles Ester Djuvstad heile 18 mål og er den av dei øvrige som har flest mål for eitt einskild lag. På toppscorarlista er dog G13-gutane Lars Olderkjær Larsen og Martin Hjelmeland Arnesen høgare oppe, då dei begge har totalt 19 mål, fordelt på G13- og G14.

 

Elles må ein nemne Mirka Jimenes Prieto og Ole-Tobias Brendeland, som scora hhvis 16 og 15 mål i vår, før dei begge flytta vekk før haustsesongen. Allkan Abdulla er elles toppscorar for A-laget med 11 mål, også han på halv sesong. Han meldte overgang til Odda før haustsesongen, og har notert seg for 4 scoringar i 2.divisjon der.

 

Mestscorande for kvart lag:

A-lag: Allkan Abdulla 11

G19: Martin Veastad 12

G16-1: Ruben Saug 9

G16-2: Sindre Benjaminson og Håvard Vågen 12

G16-3: Eirik Alexander Warberg 3

J16: Ester Djuvstad 18

G14-1: Tarmo Tars 7

G14-2: Martin H. Arnesen og Lars Olderkjær Larsen 8

G13: Mads Jørgensen 14

J13-1: Sofie Lillesand 6

J13-2: Sofie Lillesand 22

 

Topp-20 på toppscorarlista:

Mål  Målscorarar i Trio.......... Lag

35... Sofie Lillesand.............. (J13, J16)

19... Lars Olderkjær Larsen... (G13, G14)

19... Martin H. Arnesen........ (G13, G14)

18... Ester Djuvstad.............. (J16)

17... Martin Veastad............. (A-lag (A-lag, G19)

16... Mirka Jimenes Prieto.... (J16)

15... Ole-Tobias Brendeland.. (G13, G16-1, G16-2)

14... Daniel Normann........... (G13, G16-1, G16-2)

14... June Eitrheim Pedersen (J16)

14... Mads Jørgensen............ (G13)

14... Sander Dolonen Brækken (G14-1, G14-2, G16-2)

12... Håvard Vågen............... (G16-2)

12... Ruben Saug.................. (G16-1, G16-2)

12... Sindre Benjaminson...... (G16-2)

12... Tarmo Tars................... (G14-1, G14-2)

11... Allkan Abdulla.............. (A-lag)

11... Nikolai Mayer............... (G16-1, G16-2)

10... Rasmus Eik Sjo.............. (G16-2)

8..... Daniel Sørtveit............. (G14-1, G14-2)

8..... Marcus Størksen...........(G16-2, G16-1)

8.... Marius Quam............... (G16-1)

 

Her er link til fullstendig målscorarliste.

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart