Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Ufortent tap i god avslutningskamp

Klikk på bilete for full storleik
 
J16: Nord-Trio 1-0. Torsdag ettermiddag satte jentelaget seg i Trio bussen i lag for siste gong for å avslutta 4 år i lag med bortekamp mot Nord. I garderoben blei det snakka om å gi alt i 80 minutt, stå på og jobba for kvarandre. Samtidig nyta det fantastiske lagspelet fotball er og ha det kjekt.
 

Jentene responderer frå start av i kampen. Dei kjempa som løver og viste at dei var reist til Haugesund for og vinne. Spelet foregjekk på banehalvdelen til Nord med eit gjennomført høgt ballpress frå Trio laget. Målsjansane er der, men ikkje uttellinga. Etter ca 20 min blir Ester sparka stygt ned og midtbanegeneralen kan ikkje fortsetta (blir sendt på legevakt, deretter til sykehus på røntgen). Med Ester ute, som hadde vore god på midtbanen som alltid, blei det ein del endringar i laget. Nordspelaren fekk ingenting for episoden anna enn eit frispark i mot. Påfølgande frispark blir slått inn i Nord sin 16 meter, der Nord handsar. Dommar blåser, men trekk heilt uforståelig ballen utanfor 16 meteren. Vi har sjølve hatt 4 gule kort (5 min) siste 2 kampane og det er klart at desse 2 situasjonane i dag med tilhøyrande dommarvalg nok kunne vore med og gitt kampen eit anna utfall. Resten av omgangen er lik, vi presser men får ikkje ballen i mål. Lea reddar eit skudd fra 25 meter, ellers er ho ikkje borti ballen.

 

Andre omgang er mykje lik den første. Høgt press frå oss og vi styrer kampen. Dette gjer som alltid rom for kontringar og den kjem. Ein kjapp Nord-spiss spring inn 1-0, til dei grader mot spelets gang. Men jentene gir ikkje opp og står på og kjemper, men det vil seg ikkje. Nord får også ein kontring til mot oss, men den redder Lea.

 

Jentene gjer ein kjempeinnsats gjennom heile kampen. Vi vinn sjansestatistikken 12-3 og det seier mykje om kampbildet. Trenarane følte med jentene etter kampslutt, jobben som vart lagt ned hadde fortent 3 poeng som belønning. Sånn blei det ikkje denne dagen, men alle kan vera stolte av prestasjonen i siste kamp!

 

Odda tapte for Bremnes og kom bak oss på tabellen. Kopervik er 5 poeng bak oss, men har 2 hengekampar og med 6 poeng blir dei nummer 2 og vi nummer 3. Avgir dei poeng blir det andreplass på oss.

 

Då gjenstår bare vår tradisjonelle avslutning på Triohuset, den er beramma til 5/11 og då skal vi mimra og feira 4 fantastisk fine år i lag med mange flotte prestasjonar og øyeblikk.

 

Trio sitt lag:

Lea S. Dalland, Hedda S. Tangstad, Mariel M. Madsgård, Madel H. Gjerding, Synne T. Nissestad, Henriette Skarveland, Marie Normann, Ester Djuvstad, Vilde Teigen, Sofie Lillesand, Jannike Røssland, Susanne Kabbe, Lisbeth V. Solberg, June E. Pedersen.

 

- Ørjan, Jan Olav og Per Einar

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart