Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Oppførsel på miniputt-turnering

Sist helg var det turnering for våre yngste fotballspelarar på Kvednabekkjen. 34 lag, 230 ungar, i alderen 6-9 år fekk utfolde seg i kampar for siste gong i sesongen 2015. Det har vore eit kjekt fotballår, men denne gongen var ikkje alt rosenraudt.
 

Vi hadde under turneringa nokre uheldige episodar, som både store og små reagerte på. Vi les frå tid til anna om ein del ‘skrekkhistorier’ i avisene, der vaksne, som regel foreldre, går av skaftet. Vi har hatt ei flott utvikling i Kvinnherad og sett ei veldig posivit trend blant trenarane, og også foreldre, på cupane. Slike tilstander har vi ikkje her, har vore mi oppfatning.

 

NFF har i år vedteke at foreldre og tilskodarar ikkje skal opphalde seg på same side av banen som trenarar og innbyttarar. Dette for å unngå uheldige episodar. Vi har ikkje følgd dette særleg nøye opp på minicupane i Kvinnherad. Det har ikkje vore bruk for det. Men denne gongen nærma vi oss, for det var fleire episodar som var utrivelege. Og det var ikkje ungane si skuld:

 

 -  Ein trenar som ropar og brølar til sine spelarar på ein slik måte at både foreldre og born reagerer. Kvifor brøler han så høgt? Kvifor er han så sinna? Kvifor ropar han at spelaren skal dytte ein motspelar?

 -  Ein trenar som skjeller ut ein 14-årig dommar etter notar. Det vart dømt mål på ein ball som kanskje ikkje var over streken. Det er jo grunn god nok til å kjefte eit barn huda full, ikkje sant?

 -  Foreldre som i negative ordelag kritiserer dommar som partisk eller motstandaren som grisespelar. Framleis er det snakk om barn…

 

Det er flott med engasjement og heiarop, men for nokre går engasjementet over styr. Det er ungar ein reagerer mot, anten det er retta mot spelarar eller dommarar. Dei vi brukar til å dømme desse cupane er ungdomar på 13-14 år. Nye i gamet og i sin mest usikre alder. Dei gjer så godt dei kan. Og sjølv om du som vaksen kanskje er ihuga patriot av din klubb og har store aversjonar mot andre klubbar, så har desse ungdomane garantert ikkje det.

 

Same kor mykje eller lite peiling vi har på fotball vi som er på sidelinja/tribuna: Det meste vi treng å kommunisere til deltakarane på miniputtcup, dekkjast av orda «bra» og «heia». Same kva lag dei spelar på, eller om dei har fløyta i munnen. Så kunne gjerne Facebookstatusen til mamma eller pappa seinare på dagen heller handle om at ungane hadde det kjekt, i staden for om dei vann to eller tre kampar…

 

Are Ulseth

HFK sin sonekontakt for miniputtfotball i Kvinnherad

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart