Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

To knepne tap på tampen

Klikk på bilete for full storleik
 
G14: Trio1-Fitjar 0-1, Solid-Trio2 4-3. Smågutane avslutta kampsesongen med to knepne tap. Onsdag var Fitjar hårfint for gode på Kvednabekkjen, medan gårsdagens serieavslutning i Sagvågen også vart av det jamne slaget.
 
Klikk på bilete for full storleik
Gaute spelte begge kampane denne veka. Foto: Gaute Thorkildsen.

Trenarduoen var vekkreist på årets siste heimekamp, men gjengen vart kyndig leia av ex-Trenar Even. Triogutane leverte ein solid kamp defensivt. Fitjar kom til få sjansar, men det gjorde vi også. Bortelaget fekk kampens einaste mål på eit litt heldig lompetreff 8 minutt ut i andre omgang. Sjølv kom vi ikkje nærare enn eit skot i stolpen frå Benjamin. Ein god kamp av laget med fin moral og positiv stemning.

Kampfakta frå Kvednabekkjen

G14: Trio1-Fitjar 0-1 (0-0)

Trio sitt lag: Vegar T, Jonas, Mathias, Ole M, Vegar HT, Sander, Simen, Gaute, Yonas, Samson, Benjamin, Eirik, Anders, Vegard F.

0-1 (43 minutt)

Kampfakta frå Nysæter kunstgras

G14: Solid-Trio2 4-3 (1-0)

Trio sitt lag: Tormod, Edvin, Joakim, Ole M, Marcus, Sander, Espen, Tarmo, Gaute, Lars, Benjamin, Daniel, Robin.

 

1-0 (30 minutt)

1-1 (38 minutt) Tarmo Tars

2-1 (48 minutt)

3-1 (58 minutt)

4-1 (60 minutt)

4-2 (64 minutt) Daniel Sørtveit

4-3 (67 minutt) Sander Dolonen Brækken

 

Vi har hatt fleire jamne oppgjer mot Solid i år, gårdagens dyst ikkje noko unnatak. Førsteomgangen var jamnspelt og tett. Tormod varta tidleg opp med ei klasseredning, flr vi sjølve hadde tre gode sjansar. Mot slutten var det i staden Solid som gjekk i føring med 1-0.

 
Klikk på bilete for full storleik
Det første av tre strålande frispark frå Tarmo.

Jamnt også etter pause, og no kom uttellinga i begge endar. Sander vart i denne kampen felt veldig mange gonger, og tre av desse gav oss frispark på 25 meters hald. Det er mat for Tarmo, som har ein formidabel frisparkfot. Hardt og presist kvar einaste gong. Ved første høve fekk keeper nok hand på ballen til å slå den ut oppe i hjørnet. På nr 2 fekk han litt færre fingarar på den, så utlikninga fauk inn i vinkelen. Og det tredje small i tverrliggjaren.

 
Klikk på bilete for full storleik
Gaute lånte kameraet og fann mange fine motiv. Foto: Gaute Thorkildsen.

I første del av andre omgang var vi gode og åressa på. Fleire halvsjansar, og ein stor til Lars, som vart chippa gjennom av Sander. Skotet gjekk hårfint utanfor. I staden kontra Solid inn 2-1. Det var litt surt der og då. Vi heldt trøkket oppe og Benjamin var gjennom to gonger utan å lukkast.

 
Klikk på bilete for full storleik
Gaute har fått ein ide. Foto: Gaute Thorkildsen.

Underteikna får ta skulda for eit vågalt stunt med å ta ut ein back og sette inn ein spiss kvarteret før slutt. Det resulterte i staden for to overgangar og kontringsmål til Solid sin raske spiss. Difor la vi om igjen til fast formasjon, og vi kjempa oss inn i det igjen. Daniel reduserte på eit strålande angrep, der Sander til slutt rulla ballen rundt til høgrevingen vår. Kaldt i hjørnet, 4-2. Framleis håp! Og kort etter kom 4-3, då Sander stanga inn ein flott corner frå Edvin. Men nærare kom vi ikkje på tampen. Solid snudde 4-1 til 4-5 på Husnes tidlegare i år, vi klarte ikkje tilsvarande snuoperasjon. Men ein godt gjennomført kamp frå våre gutar.

 

Vi held fram med treningar 2-3 gonger i veka.

 

- Trenar Are Ulseth

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart