
Toppscorar 2015. Allkan Abdulla

Størst framgang. Futsum Mebrathu.

Årets spelar. Håvard Haga.

Hederspris. Roger Røssland. Prisen vart overrekt av hjelpetrenar Jim Are og hovudtrenar Kjell Magnar.
Det er 3 veker sidan Trio spelte sin siste kamp. 9 plassen blei sikra med eit sterkt 2-0 resultat borte mot Nordhordaland. I utgangspunktet skulle dette vera nok til å berga plassen i 4 divisjon, men på grunn av dårlege resultat fra Hordalandslag i 3 divisjon så visste me ikkje om me beholdt plassen i 4 divisjon før helga etterpå. Heldigvis gjorde Hordalandslaga i 3 divisjon jobben og Trio unngjekk dermed eit nedrykk til 5 divisjon.
Kjell Magnar var derfor ein letta person då han på fredag kveld kunne takka spelerane sine ein siste gong og levera fra seg eit lag som speler i 4 divisjon også til neste år.
Årets toppscorar var Allkan Abdulla. Han scora 10 mål i serien og 1 mål i cupen. Dette er ein stor prestasjon av Allkan som meldte overgang til Odda i 2 divisjon i sommar.
Størst framgang fekk Futsum Mebrathu. Kjell Magnar sa i begrunnelsen sin at han har tatt store steg sidan fjoråret og har blitt ein viktig brikke i laget. Ein kjernekar som gjer alt på banen. Sjøl om han fekk 9 gule kort i år så meiner Kjell Magnar at Futsum er ein av dei snillaste menneskene på Trio.
Årets spelar var Håvard Haga. Dette er prisen som henge høgast sidan det er spelerane sjøl som bestemmer kven som fortjener den. Haga har tatt store steg i vår og har levert stabilt gjennom heile sesongen. Kjell Magnar sa at Haga har fysikk, kondisjon og vinnarvilje. Han er ein humørspredar på trening og han er flink å dra med seg dei yngre spelerane.
Årets hederspris gjekk til Roger Røssland. Veteranen med stor V har i mange mange år tredd på seg fotballskoene for Trio. Han har over 400 kampar for klubben og han har scora utallige mål. Bortekampane til byen er aldri kjedelige når han sitter i bussen og lirer av seg alt mellom himmel og jord. Det var svært fortjent at Roger fekk denne prisen og det var mange rundt bordet som sa at dei var stolte av å ha spelt på lag med denne karen.
-Henrik L. Røssland-