Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Ungt mot gammalt

G14 og G16-3 nytta høvet til ein treningskamp på Kvednabekkjen tysdag kveld. Som venta vart dei eldste gutane eit par hakk for store.
 

G14 var innstilt på ein tøff kamp og hadde fokus på å måtte opp eit hakk i duellar og tempo i hovud og bein. I første omgang klarte vi det veldig bra. G16 hadde eit visst overtak innleiingsvis, men etter kvart var vi godt med på notane. Særleg langs høgresida skapte vi mykje bra spel. Ein offensiv Mathias på backen støtta oppunder Sander på midten og Simen på kanten, og her kom vi oss ofte fram i banen. Skulle gjerne fått til fleire innlegg inn i feltet av det.

 

På venstresida sleit vi meir med å skape noko, men på midten tok vi god kontroll. Trioen Sander, Marcus og Gaute gjekk føre med god duellstyrke, og i midten bak hadde Espen og Tarmo som regel god kontroll, også på lynraske Dion på topp. Dermed vart det relativt fattig på store sjansar i begge endar. Alexander scora kampens første etter halvtimen og minuttet før pause kom 2-0, då Håvard var sterkast i feltet på ein corner. Litt surt for oss, for etter ein sterk første omgang fortente vi enda betre.

 
Klikk på bilete for full storleik
Espen var G14 sin bestemann.

Medan samansetninga av laget fungerte bra i første omgang, fekk vi det ikkje til å gli like godt i andre. Med 17 mann på blokka var det duka for heile 6 bytter midtvegs. Då er det alltid vanskeleg å halde flyten i det, det blir meir som å starte på ein ny kamp. Tarmo er mest glad i å spele midtbane, og vi får også meir trøkk framover med det, men i andre omgang var han djupt sakna i midtforsvaret. Og G16 var inspirerte av målet dei fekk rett før pause, og trykka oss bakover. Vi gjorde mange rare valg og klarte ikkje å gjere kvarandre gode. Då kom 3-0 tidleg ved Eirik, og sidan varta både Loc og Tristan opp med nokre praktfulle langskot. Mot slutten vart også Alex tomålssorar, då han fastsette sluttresultatet til 6-0. Greit nok.

 

Espen får den imaginære bestemannspremien denne gongen. Han har utvikla seg til å bli ein robust og spelande midtstoppar. Ei yngre utgåve av Vegard Forren, berre utan krøllar og tabbar :)

 

Vi trenar vidare utover hausten. Kanskje tek vi eit revansjeoppgjer når det lir på også :)

Kampfakta frå Kvednabekkjen

G16-3 - G14  6-0 (2-0)

1-0 (28 minutt) Alexander Johnsen

2-0 (39 minutt) Håvard Hope

3-0 (45 minutt) Eirik A. Warberg

4-0 (51 minutt) Loc Nguyen

5-0 (57 minutt) Tristan A. Fredlund

6-0 (67 minutt) Alexander Johnsen

 

Dommar: Marcus Størksen, Halsnøy

 

G16-3 sitt lag:

Loc, Preben, Imam, Eivind, Håvard, Eirik A, Mathias Gr, Alexander, Tristan, Sebastian, Dion, Tommy, Henning, Sindre.

 

G14 sitt lag:

Vegar T (Tormod), Mathias, Tarmo, Espen, Edvin (Jonas), Gaute (Ole Martin), Marcus, Sander, Simen (Daniel), Samson (Vegard F), Benjamin (Eirik K).

 

Simen og Edvin inn att for Marcus og Mathias midt i 2.omgang.

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart