|
Årsmelding Trio J11 og J12 |  | | Nøgde jenter etter Trio Cup i Husneshallen. |
| | | | I februar i år starta vi opp ei ny treningsgruppe i Trio. Jenter fødd 2003 & 2004 hadde ikkje eit tilbod om fotball i Trio og det måtte vi jo gjera noko med. | | |  | | Trio J11 på Husnes Cup. |
Det var på denne tida også tidsfrist for påmelding av lag, så vi meldte på eit lag i 7arserien for J12 (2003). Det viste seg kjapt å vera for lite, for med rundt 20 på trening frå første stund, fekk vi heldigvis ettermeldt eit 7arlag også i J11 (2004). Treningane har foregått på Kvednabekkjen kvar onsdag og oppmøte har vore imponerande godt. Blide og ivrige jenter gjennom heile året har gjort det til ei glede å vera på feltet med dei. | | | Første kampar var inne i Husneshallen i Trio sin tradisjonelle innecup. Her hadde vi med 2 lag og jentene hadde ein kjekk dag med kampar på håndballbane. | | |  | | Trio J11. |
Seriespel – J11 (2004): Her møtte vi 2 lag frå Rosendal, Uskedal, Strand-Ulv og Ternen til serie over vår/haust, 2 kampar mot kvart lag. Jentene hevda seg godt i den lokale pulja og klarte i løpet av sesongen å besigra alle bortsett frå det sterke laget til Uskedal (2003/2004). Til slutt vart det jevnt fordelt mellom sigrar og tap, greit å kjenna på begge deler :) | | |  | | Trio J12. |
Seriespel – J12 (2003): Her møtte vi lag frå Stord og Bømlo: Stord x 2, Trott, Solid, Bremnes, Rubbestadneset, serie vår/haust, 2 kampar mot kvart lag. Vi var forberedt på å få ein del stryk i denne serien og det viste seg å stemma godt. Motstandarane hadde jenter som hadde spelt i lag i 6-7 år og at dei skulle vera komne lenger enn oss var bare å forventa. Likevel klarte jentene 2 uavgjorte kampar, 1-1 heime mot Bremnes i siste vårkamp og 2-2 heime mot Rubben i haust. I mange av kampane, spesielt i haust, der vi har tapt med 2-5 mål, har kampane vore mykje jevnare i banespel. Vi har tapt i målprotokoll på at vi har vore litt for forsiktige i begge målgårdane. Ikkje langt opp her jenter! | | |  | | Peptalk under Husnes Cup. |
Det vart veldig tydeleg i første kamp for J12 borte mot Solid (tap 12-3) at ein måtte begynna med å læra struktur i forsvarsspel, både defensivt og i forhold til igangsetting og korleis vi organiserer oss då. Dette har jentene blitt mykje betre til gjennom sesongen og sluppe inn mange færre mål i haust enn i vår. Det har vore utruleg kjekt å sjå utviklinga til jentene på denne korte tida, dei har gjort kvantesprang med kun ei trening i veka. Blir spennande å følgja utviklinga neste år :) | | | Trenarar har vore Bjørn B. Mathisen og Per Einar Gjerding. Lagleiarar har vore Karen Anne Lee (J12) og Frøydis N. Mathisen (J11) – og dei har gjort ein framifrå jobb for jentene og avlasta trenarane. | | | Følgjande jenter har spelt kampar for laga i år: | | | J11: Jenny H. Lie, Ingeborg S. Hagan, Rim Sami, Victoria Joleik, Margrete N. Hillestad, Aurora N. Mathisen, June Marie S. Bjelland, Emma S. Meling, Synna H. Gjerding, Ragnhild Hauge, June S. Hammer, Alexandra E. Andersen. | | | J12: Helene V. Eikenes, Madel G. Gausvik, Mari Helvik, Synna H. Gjerding, Sandra Støle, Oliwia Chlebowicz, Gina E. Lindås, Ida E. Brix, Luwam M. Kahsay, Nadine Morstad, Synne H. Lee, Emma Kaldestad. | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |