|
Årsmelding Trio J16 |  | | Lagbilete frå Kvinnheringen. Foto: Kvinnheringen. |
| | | | Det meritterte jentelaget til Trio hadde ein flott sesong også i 2015, på tross av ein litt utfordrande haust. | | |  | | Kretsmeistrar i futsal. |
Det begynte på aller beste vis – med ein imponerande turneringssiger og GULL i KM i innendørs fotball i Fyllingsdalen i slutten av januar. På fantastisk vis feide jentene den eine turneringsfavoritten etter den andre av parketten. I kvartfinalen sto Gneist på motsatt halvdel, vinnar av 1. divisjon Hordaland året før og etter å ha spasert seg gjennom pulja med 12-0 i målforskjell. Dette var nok den moralske finalen og den beste kampen. Enormt tempo, masse sjansar begge veier og det er Gneist som tar leiinga 1-0. 4 minutt før slutt kjem den fortente utlikninga og vi velger å trygga bakover og satsa på Lea sin enorme kapasitet på straffar på håndballmål. Lea skuffar ikkje, reddar alle utanom ein og vi sett ein meir enn Gneist. Tertnes og Bjarg i semi og finale ender 2-1 og 3-0 og jentene er på det tidspunkt best i Hordaland. Veker seinare tar dei med seg innecupane både i Odda og på Husnes og har 3 trofe i skapet før serien byrjar. | | | Og serien byrjar bra. Vi toppar tabellen i 1. divisjon Rogaland frå første runde. Etter 3 rundar og 9 poeng ønsker vi Synne B lykke til med spel i Stord. Eit stort savn for laget å miste ein så god spelar sjølvsagt, men vi er glad på Synne sine vegne då ho har klare ambisjonar og legg ned mykje hardt arbeid i fotballen. Synne vart for øvrig nyleg kåra til «årets unge spelar» i Stord sesongen 2015. Jentene gjer ein solid jobb utan Synne B fram til ferien og innehar fortsatt tabelltoppen gjennom sommaren. | | |  | | Synne og Ester malt i Triofargar. |
Sommaren baud og på deltaking i Norway Cup. I kamp med langt over 100 andre lag i 11-ar klassen J16, skulle det visa seg tøft å hevda seg. Som eit spelande kunstgras lag vart vi nok meir satt tilbake enn ein del andre av dei utrulig dårlige banane Norway Cup benyttar. Vi var eitt mål i frå A-sluttspel etter siger, uavgjort og tap i pulja. Etter 4 strake kampar i B-sluttspel hadde vi fortsatt til gode å sleppa inn mål, men måtte likavel gje tapt i kvartfinale etter straffespark konkurranse. Totalt 4-2-1 og 13-4 i mål må seiast å vera bra trass altJ | | | Haustsesongen vart, som venta ei stor utfordring for laget. Vi erfarte ein del frå fall og hadde altfor dårlig treningsoppmøte. Norway Cup eventyret var over, ny skule for mange, gutarJ, etc….Vi fekk god hjelp frå J13 og av Mari Omvik Furdal i denne perioden og kom oss gjennom serien med fullt mannskap på banen og med æra i behald. Til slutt stod vi med 11-0-5, 74-15 i mål og 2. plass bak Bremnes. | | | Følgjande jenter har spela kampar for J16 i 2015: Lea Sofie Dalland, Hedda Sundsteigen Tangstad, Mariel M. Madsgård, Madel H. Gjerding, Lisbeth V. Solberg, Synne T. Nissestad, June E. Pedersen, Ester Djuvstad, Synne Eide Bjørnebøle, Vilde Teigen, Susanne P. Kabbe, Mirka J. Prieto, Ingvill M. Rusten, Sofie Lillesand, Mari Omvik Furdal, Ida Bruvik, Zumilana Eldi, Christine M. Madsgård, Ida Bruvik, Ida E. Stensletten, Jannike K. Røssland, Henriette Aakre Skarveland. | | |  | | Siste samling for J16 anno 2015. |
Vi markerte 4 fantastiske år med avslutning på Trio loftet i november. Der koste vi oss med pizza, brus, kake og kaffi – i tillegg til tradisjonell quiz. Vi såg tilbake på dei 4 åra og mimra litt over kva vi hadde fått til og her er utdrag frå statistikken: | | | Seriespel: - 61 seriekampar, vunne 43, 6 uavgjort og 12 tap, poengsnitt 2,21 pr kamp - Målforskjell 242 – 56. - Vinnar 2. divisjon J13, haust 2012 - Vinnar 2. divisjon J14, vår 2013 - 6. plass 1. divisjon Hordaland J14, haust 2013 - Vinnar 1. divisjon Rogaland J16, 2014 - 2. plass 1. divisjon Rogaland J16, 2015 | | | Cupspel: - 3. plass Regy Cup J13, haust 2012 - 2. plass Bø Sommerland Cup J14, sommar 2013 - Kvartfinale B-sluttspel Norway Cup sommar 2015 - Kretsmeister Hordaland 2015 innefotball - Totalt 6 turneringssigrar i Innecupar Husnes og Odda 2013-2015. | | |  | | 2015/J16/Renate_med_pokal_etter_Bo_Cup.JPG |
Imponerande jenter, det er lov å vera stolt over detteJ ' Lykke til vidare alle saman! | | | Helsing støtteapparatet gjennom desse 4 åra: Renate, Åse, Chanel, Tomas, Thore, Jan Olav, Ørjan, Per Einar | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |