Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Jamnspelt treningskamp

G16-3 - G14  2-1. Skit i advent, desember er ikkje det same utan ein fotballkamp. G16-3 og G14 held framleis koken på treningsfeltet og laga nytta difor høvet til eit returoppgjer etter dysten for eit par veker sidan. Dagens kamp vart meir jamnspelt enn sist.
 
Klikk på bilete for full storleik
Praktmål av Alex.

Smågutane tek steget opp på G16 neste sesong og det er god matching for oss å få brynt seg litt på storvokst motstand. Vi gjekk likevel freidig til verket. Diverre var vi keeperlaus i dag, og ros til Mathias som tok ansvar med hanskane på. Og til Simen, som gjorde det same siste 20 minutta av kampen. Mathias klarte seg særs godt og kunne lite gjera med Alexander sitt perlelangskot i starten av kampen. Den fauk inn heilt oppe i vinkelen.

 
Klikk på bilete for full storleik
Strålande kamp av Tarmo.

Men elles hang vi bra med og gjorde ein framifrå defensiv jobb. Espen måtte ut med hanglande kne før halvtimen var gått, men Ole Martin gjekk ned i midtforsvaret og gjorde ein strålande jobb i lag med banens ubestridte einar, Tarmo! Backane jobba også godt, og vetle Yonas klarar seg imponerande godt mot mykje større motstand. Også midtbanetrioen leverte ein særs solid og pliktoppfyllande kamp defensivt.

 
Klikk på bilete for full storleik
Solid kamp av Marcus.

Offensivt kunne vi vore meir presise, men utover i omgangen skapte vi ein del sjansar. Etter at Loc nikka i stolpen på ein corner, var det vår tur då Simen traff vinkelen og ut då han skar inn frå høgre. Og mot slutten av omgangen hadde vi ein kanonade, der både Simen, Daniel og Marcus var nære utlikning. Men 1-0 sto seg til pause.

 
Klikk på bilete for full storleik
Redusering ved Daniel, som leverte ein god kamp på topp.

I pausen konstaterte vi at vi var godt nøgde med den defensive jobbinga og dette skulle vi gjenskape. Litt forbetringar framover, så ville det løysne der også. Vi var nære på då Gaute avslutta på keeper og Marcus sette returen utanfor. Men i staden kom 2-0 ti minutt før slutt, på eit uheldig sjølvmål. Men kort etter fekk vi ei fortent redusering. Mathias fekk siste 20 minutta på høgrekanten etter lang og tru teneste som keeper. Han skar inn frå sida og la inn. Der skaut Gaute nok ein gong så keeper redda, men Daniel var framme og sette returen kontant i nota. I dag fekk vi indreløparane på løp inn i målfeltet, og då kjem målsjansane! Og måla! :)

 

2-1 heldt seg til kampens stødige dommar, Marius Quam, blas for siste gong. Ein prestasjon vi på G14 skal vera godt nøgde med. Vi held fram med 2-3 treningar i veka framover :)

Kampfakta frå Kvednabekkjen

G16-3 - G14  2-1 (1-0)

1-0 (4.minutt) Alexander Johnsen

2-0 (69 minutt) sjølvmål

2-1 (72 minutt) Daniel Sørtveit

 
Klikk på bilete for full storleik
Stakkars Sander (sjuk) fekk berre sjå på.

G14 sitt lag:

Mathias! (Simen!!), Yonas, Tarmo, Espen, (Samson), Eirik (Vegard F), Marcus, Ole Martin, Gaute, Simen, Daniel, Benjamin.

Ivrig supporter: Sander (sjuk).

'

G16-3 sitt lag:

Sindre, Tommy, Preben, Mads, Håvard, Loc, Eirik, Mathias, Alexander, Dion, Isaac, Sebastian, Tristan, Imam.

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart