|
Årsmelding: Trio Valen G06 | | | | | Då var enda ein fantastisk kjekk sesong over for Trio Valen G06. | | | I år har me hatt varierande, men mange gode resultat på cupane. Om det vert tap eller siger verkar ikkje å ha noko stor innverknad på gutane, så lenge me har det kjekt og det er noko godt å henta i kiosken.
| | | Denne sesongen har me òg hatt to treningar i veka og treningsoppmøtet har vore veldig bra, me kan nesten telje på fingrane dei dagane det har vore gutar borte frå trening, noko som igjen viser at gutane har eit godt samhald og trives veldig godt ilag. I år har me i tillegg til gutane på Valen, fått med oss to kjekke gutar ifrå Ternen som har vore med oss og trent og spelt kampar. I tillegg har me til tider hatt besøk frå nokon gutar på Husnes som har vore med på treningane våre. Dette er ekstra kjekt, då me får moglegheit til å verta betre kjent med tanke på eit framtidig samarbeid.
| | | Gutane tek no eit steg vidare og neste år vert det seriedagar, noko me gledar oss stort til. Vil og nytta høvet til å takke for ein flott sesong, takk òg til alle dykk som står på og er med å bidrar til at ungane våre får oppleve desse kjekke cupane.
| | | | Trenarar: Trond Thorsen og Geir Atle Vangsnes | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |