Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Årsmelding: Trio G14

Klikk på bilete for full storleik
 
2001-gruppa til Trio vart nesten dobla då vi gjekk inn i ungdomsfotballen for 2 år sidan, då vi fekk inn heile 8 spelarar frå Herøysund. Dei har glidd godt inn i laget og vi er blitt ein fin gjeng – som framleis er like mange. Gjennom dette året har ein gitt seg og ein kome til, slik at vi framleis er 21 «mann». Det er faktisk fleire enn vi var for to år sidan.
 
Klikk på bilete for full storleik
Fairspelande midtstoppar: Espen Aakre Sjo.

Fairplay og haldningar

God oppførsel viser gutane både på trening og til kamp. Vi har knapt fått gule kort sesongen igjennom og er nesten for snille :) Treningsframmøtet og deltakinga er stor, og både gutar og foreldre er flinke til å gje beskjed om fråver. Og sjølv om vi taper kampen, går det ikkje lenge før smilet er tilbake. Kjekt også med ei ivrig foreldregruppe som stiller trufast opp og er med og lager ramme rundt kampar. Vi har jobba ein del med å vera positive også i motgang. Vi ønskjer å rope mykje meir, men om neste ball heller enn om den forrige.

 

Sportslegutvikling

Frå fotballstyret fekk vi følgjande føringar for sesongen:

 

1) Stimulere til igangsetting bakfrå. Dette har vi gjort gjennom heile sesongen. Vi har nok fått fleire baklengsmål av det enn viss vi berre hadde lempa ballen fram, men det er ved å øve på det vi utviklar spel og spelarar. Så er det læring i å prøve å sjå når vi er upressa nok til å sette i gang, og når vi blir pressa og bør velje utspark.

 

2) Strebe etter spelande fotball. Dette har vi også hatt mykje fokus på. Vi øver på pasningsspel og bevegelse og ønskjer at vi får heile laget med i spelet. Ballen skal helst gå langs bakken og i hovudsak med gode innsidepasningar.

 

3) Fokus på spelarutvikling. Vi har ein ivrig gjeng som jamnt over har veldig høgt treningsframmøte. Vi har trent 3 gonger i veka heile året gjennom, som regel 2 treningar i kampsesongen grunna kapasitet på trenarar.

 

Elles har vi hatt fokus på momenter som står i sportsplanen til Trio. Gjennom året har vi i speløktene periodevis hatt fokus på smålagsspel (3v3, 4v4 og 5v5). Det funkar mykje betre enn å spele 10 mot 10.

 
Klikk på bilete for full storleik
Gaute Thorkildsen.

Treningar

Pr 1.desember har 15 gutar (av dei 18 som har vore med heile sesongen) eit frammøte på over 65 treningar. Vi har hatt treningar heile året gjennom, også i ferietider. Totalt har vi hatt over 95 treningar. Gaute har vore på bortimot alle, og rundar nok 100 før året er omme. Dette er ein særs treningsivrig gjeng og etter at serien var ferdigspelt kan vi skilte med eit snittframmøte på over 15 mann pr trening i november (11 treningar).

 
Klikk på bilete for full storleik
Ole Martin er den som har best tak på forsvarsarbeidet.

Vi er så pass mange at det er ein fordel når begge trenarane er til stades og vi kan dele oss i to grupper. Mykje tid har gått med på pasningsspel med motstand og det må vi halde fram med også neste år. Her går det både på overtalsspel i diverse variantar for å øve pasningskvaliten under press. Forsvarsspel (førsteforsvarar og omstilling til forsvar) og oppspelsøvingar har vi også fokusert på. Så må vi etter kvart øve meir på samhandling, både i forsvar og angrep. Vi har litt å gå på når det gjeld konsentrasjon på treningsfeltet. Keepertrening har vi diverre hatt altfor lite av, men utover i året har våre to vore aktivt med på Miomir sine tysdagstreningar. Kjekt opplegg, som vi håpar blir vidareført.

 
Klikk på bilete for full storleik
Mathias har spelt nær 40 kampar i år.

Seriekampar

I serien har vi hatt to lag. Dette er første året vi spelar 11ar (9ar i fjor), og begge lag har spelt dette. Vi har hatt ein del 7armotstandarar i serien, men som oftast avtalt å spele kampane som 11ar, der dei lånte ekstra frå sine førstelag for å få dette til. Det har nok medført at vi har fått ein del tøffare motstand enn vi elles ville fått, men resultata er ikkje det viktigaste for oss. Vi har sett pris på å få spele 11ar, og for å få til dette med ein stall på 21 mann, har vi vore avhengige av å kvar veke låne nokre frå G13. Dette samarbeidet er vi veldig godt nøgde med, og sidan vi har unngått fråfall, har vi ikkje hatt problem med å stille to fulle 11arlag gjennom sesongen.

 
Klikk på bilete for full storleik
Tarmo er toppscorar i år.

Alle har med dette fått mange kampar og mykje speletid. Vi innførte også «50 %-regelen», om at alle som er med på kamp skal få spele minst halve kampen. Sidan vi uformelt har praktisert dette i lengre tid, har det vore utelukkande positivt motteke blant gutar og foreldre.

Resultat i kampane har vi fokusert lite på og det har heller ikkje vore all verda. Men vi har spelt jamnt med mange av motstandarane gjennom året. Trekkjer særleg fram heimekampen mot Bremnes 2 i haust, der vi spelemessig var betydeleg betre enn ein motstandar vi tradisjonelt har slite med. Det har vore kjekt å sjå utviklinga til gutane, dervi er blitt tryggare med ball og tek oss tid til å sjå etter medspelarar heller enn å sparke ballen vekk. Det er eit steg i rett retning, framover gjeld det å få dette til raskare.

 

Mange kampar har det også blitt på alle. Inkludert treningskampane har Ole Martin flest med 38, og Espen, Mathias, Sander og Gaute tett bak. Heile 12 gutar har over 30 kampar. Tarmo har scora flest mål (23) og Sander har 19. Totalt har 21 gutar scora til saman 121 mål for oss (16 av våre og 5 av G13-gutane).

 
Klikk på bilete for full storleik
Sander hospiterer på G16.

Hospitering

Gjennom året har ein del spelarar også fått trene med G16, og det er også blitt ein del kampar. Tarmo, Sander og Ole Martin har i haust trent fast ein gong i veka med førstegruppa på G16 og det har også blitt ein del kampar for G16 lag 2 (særleg for Tarmo, som har spelt fast). I tillegg har Mathias og Espen trent med G16-3, og bidrege i nokre kampar for dei. Nemner og at Marcus også har spelt fast med G13, sidan det er det årskullet han faktisk høyrer til.

 
Klikk på bilete for full storleik
Vegard F scora i bøtter og spann på Ål Cup.

Cup

I sommar deltok vi på Ål Cup, med eitt 11ar-og eitt 7arlag. Det vart ei veldig vellukka helg med god stemning og fint ver, og gode sportslege resultat. 11arlaget vart nr 2 i si gruppe og kom til finale i B-sluttspelet, medan 7arlaget vann si gruppe og kom til bronsefinale i A-sluttspelet. I september var vi også på Regy cup i Haugesund. Her hadde vi berre eitt lag og «heldigvis» var ein del av gutane opptekne med skuletur, slikat vi ikkje vart så mange i troppen. I tillegg lånte vi Tarmo ut til G16 i same turnering. Begge cupdeltakingane var kjekke turar med flott oppførsel og mange positive opplevingar. Det gjorde gjengen enda meir samansveisa. Kjekt også at mange foreldre var med til Ål, og at vi reiste i lag med to av G16-laga til Haugesund.

 

Trenarar for laget har vore Bjørn Bjelland Mathisen og Are Ulseth, med Bente Hellevik som lagleiar. På søndag er det sesong-'avslutning' på Trioloftet. Men så sant det er føre til det, held vi fram med treningar i desember også. Dei som vil tek litt pause, og dei som har lyst får trene. Så får vi sjå når planane blir ferdiglagt for neste år. Gutane skal no opp i G16-klassen. Dog har Rogaland fotballkrets tilbod om G15-klasse, så vi undersøkjer om vi kan få ha eit lag der. Uansett blir årskulla 2000 og 2001 i større grad sett under eitt neste år.

 

- Trenar Are Ulseth

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart