Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Årsmelding: Trio J10

Klikk på bilete for full storleik
Trio J10 deltok i 11-årsklassen på Husnes Cup i sommar.
 
2005-modellane til Trio er snart som veteranar å rekna og tok denne sesongen steget bort frå miniputt-cupane og over til seriedagar. Sesongen starta med Trio sin tradisjonelle innecup. Deretter vart det arrangert seriedagar på Kvednabekkjen, Rosendal og Halsnøy. I haust vart det diverre kun arrangert 1 seriedag på Kvednabekkjen. Høgdepunktet var nok i sommar då vi fekk lov (eit år for tidleg) å delta på Husnes Cup.
 

Jentene har trent ein gong i veka med fokus på pasningar og ballkontroll. Siste del av treninga er spel og då med vektlegging på igongsetting bakfrå frå backane og sentringar fram mot kantspelarane. Med andre ord dreier det seg framleis om det grunnleggande.

 
Klikk på bilete for full storleik
Her jobbar jentene dugnad i kiosken.

Totalt har vi vore ein fast gjeng på 10 jenter, og sidan vi speler 5arfotball, har vi alltid stilt med to lag på seriedagane. Målet har vore at jentene skal få mest mogleg speletid. I Rosendal var vi kun 4 jenter på eine laget, men då fikk vi låna ein knallgod keeper frå Rosendal som heldt 0-en mot Harding, ein kamp vi vann. På Husnes Cup måtte vi spela 7arfotball og i hovudsak mot jenter som var eit år eldre. For å mestra dette fekk vi låna to sporty jenter frå Ternen,  Julie Ersland og Lotte Ness.

 

Sesongavslutning har etter kvart også vorte tradisjon med pizza på loftet i Triohuset.

 

J10-laget har hatt følgande spelarar: Ellinor Isac, Weronika Kondracka, Wiktoria Kondracka, Sophie Mehri, Cecilie Medhaug, Mathilde Røssland, Jenny Eide, Anni Kloster, Ellen Marie Vigrestad og Heda Eldi.

 

Dei som har fulgt opp laget er Roald Vigrestad, Kjell Magnar Eide og Jan Helge Røssland som har stått for kiosksal på seriedagane.

 

-Trenar Roald Vigrestad

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart