Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Årsmelding: Trio G12 Husnes

Klikk på bilete for full storleik
 
Her er ei alternativ årsmelding for Trio G12 Husnes, henta frå ein presentasjon trenar Eivind Nissestad har laga tilknytta eit trenarkurs.
 

Eivind og Roald har trent gutane frå dei var 6 år gamle, og det har stort sett vore same gruppa heile tida.

I år har dei trent 3 gonger pr veke.

Har spelt kampar mot Trio Sunde, Rosendal, Odda, Røldal og Solnut.

 
Klikk på bilete for full storleik

Laget:

Ei flott gruppe med gutar som stiller på trening når dei skal.

Heldt treningane i gong heilt til midt i desember i fjor, så også i år.

Har gode treningsforhold på Kvednabekkjen, og seinhaustes kan det bli ei og anna trening i gymsal eller Husneshallen.

 
Klikk på bilete for full storleik

Treningane:

Trenar måndag, tysdag og torsdag.

Kvar trening er på 1,5t.

Alle treningane inneheld dei same elementa.

Har innført ein liten regel om at gutane skal starte med å slå pasningar på ein vegg.

Oppvarming, venn med ballen (sjef over ballen).

Mellomdel, pasningar i forskjellige variantar.

 
Klikk på bilete for full storleik

Alltid skuddøkt (moro).

Fotballspel i ca 30 min kvar økt.

Spelar av og til på same bane som me spelar kamp på. Viktig for forståelse av rom og avstandar.

Lite kondisjon og styrke på gutane til no.

Nokre  reine kondisjonsøkter i år.

 
Klikk på bilete for full storleik

Fokus på rett utførelse av pasningen.

Alltid innside av foten (mål).

Standfot i bakken.

Treff medspelaren.

Slår pasningar 1/1 og prøver å bygge dette ut i meir avanserte øvelsar.

Fokus på 1 og 2 berøringar.

 

Ønskjer å sjå veggspel.

Ønskjer å sjå medløp .

Ønskjer å sjå offensiv samhandling.

Lagt lite vekt på forsvarsjobbing til no.

Køyrt nokre økter med 1/1 og 2/2.

 
Klikk på bilete for full storleik

Kamp:

Spelar 2-3-1 i år. Sideforskyving viktigare.

Offensivt: Stort fly - Skape rom - Struktur

Defensivt: Liten fugl - Nekte rom – Sentrere

Utfordring med struktur offensivt, difor fokus på stort fly.

Defensivt – for snille. Må fokusere meir på dette inn mot neste sesong.

Back kastar og tek corner på si side.

Spiss skal strekke laget i lengderetning for så å møte.

 
Klikk på bilete for full storleik

Kantane skal ligge breitt.

Back skal sideforskyve.

Startar alltid med utkast frå keeper.

Skal våge å spele oss ut og fri frå press.

Utfordring at det vert for trangt.

Må auke fokuset på å nytte fjernrom.

Frispark på skuddhold = skudd.

Fleire gutar med god skuddfot.

 

Fokus på Fair Play:

Fair Play helsing før og etter kamp.

Motstandar skal få setje i gang bakfrå.

Trekker laget tilbake og godtek ikkje press før motstandar er i gang.

 

Utfordringar neste sesong:

Halde gruppa samla.

Skal spele 9àrfotball.

Meir fokus på defensiv jobbing.

Ville ofre seg meir og større vilje til å ha det vondt.

Må setje meir fokus på styrke og kondisjon.

Jobbe meir med og utvikle offensive relasjonar.

 

- Trenarar Eivind Nissestad og Roald Vigrestad

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart