|
Årsrapport: Trio A-lag | | A-laget starta opp treninga 5 januar. Vi har hatt 3 treninger pr veke. Dvs at vi i løpet av sesongen har hatt 100 treninger. Spelt 24 offisielle kamper inkludert 2 kvalikkamper til NM (cup). I tillegg har vi spelt 5 treningskamper. | | | Vi enda på 9 plass med 26 poeng og 36-43 i målforskjell. Vi begynte sesongen bra med siger over 3. divisjonslaget Arna/Bjørnar i første kvalikkamp. Andre kvalikkamp var mot 3. divisjonslaget Varegg, som enda på 3 plass i sin avd. Vi leia denne kampen 1-0 til det var gått over 75 min. Men då dei fekk eit litt heldig mål gjekk litt piffen ut av oss og kampen enda med 3-1 tap. Dette viste at ambisjonane våre om å kjempe i toppen av 4 div ikkje var ugrunna, sjølv om det hadde blitt ein del utskiftinga på laget som enda som nr 4 med kun 3 poeng opptil kvalik pass i fjor. Ut var Espen Saghaug (Sogndal), Rune Mo (Stord), Åsmund Voster (Søfteland), Johannes Hjelmeland (trappa ned) og Rolf Vidar Hansen (lagt opp). | | | Etter vårsesongen hadde vi 16 poeng (eitt poeng meir enn etter vårsesongen i fjor) og låg då på ein 5. plass. Vi var ikkje heilt fornøgd med dette og burde hatt over 20 poeng i forhold til målsettinga. Før haustsesongen starta hadde vi mista 2 nye sentrale spelarar i Allkan Abdulla og Eivind Saghaug. Vi hadde god tru på å få inn erstatningar slik at ikkje tapet av desse skulle bli særlig stort, men slik gjekk det ikkje og haustsesongen vart ein kamp mot veggen for å unngå nedrykk. Spesielt tap mot både Fitjar og Bremnes, gjorde det svært vanskelig for oss. At vi skulle overleva i 4. div vart faktisk ikkje avgjort før helga etter vi var ferdige. Då nedrykk frå 3. div kunne føre til 4 lag eller totalt 8 lag frå 4. div i Hordaland skulle ned i 5. div. Det var med stor lettelse vi kunne konstatere at vi her hadde nødvendige flaksen slik at vi fekk behalda plassen i 4 div. | | | Kvifor vi kom i den situasjonen i haust er nok fleire årsaker til og det er uansett mitt ansvar. Det er spesielt vanskelig oppgave å ha ambisjon om å kjempa i toppen og så i staden kjempa mot nedrykk. Dette er ikkje minst ei mental utfordring og eit heilt anna utgangspunkt for heile laget. Eg er stolt over den måten laget sto sammen på og klarte å snu trenden slik at vi vann dei 2 siste kampane og dermed redda oss. Kanskje var det en flotte og samlande treningsleiren som vart utsalgsgjevande her? | | | Eg komme heilt sikkert til savne treningane og kampane, ja til og med bussturane til bortekampane, for det er mange flott karer på dette laget. Som eg er svært glad for å bli kjent med. Men det er fleire ting som må takast tak i for at vi skal komme vidare som klubb. I haust fekk vi inn Øystein Ersland, Trond Inge Haugland og Trond Thorsen for å bidra med positiv energi og erfaring i treningane. Ein stor takk til dei! | | | Spelaren med flest treningar i år vart Martin Veastad. Årets toppscorar vart Allkan Abdullla med 11 offisielle mål. Årets mest framgangsrike vart Futsum Membratu og årets spelar vart Håvard Haga. Til slutt vil eg takka alle spelarar, hjelpetrenar Jim Are Hansen og lagleder Svein Jarle Mo, samt Eivind Nissestad for oppfølging av Fiks osv. | | | - Avtroppande trenar Kjell Magnar Eide | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |