|
Årsmelding: Trio/Halsnøy G16 gruppe 1 | | | | | Trio/Halsnøy G16 var på papiret totalt 40-45 spelera i inngangen til sesongen 2015. Spelerane blei delt i to treningsgrupper, der treningsgruppe 1 skulle utgjera lag 1 og 2. | | | Desse spelerane har vore med i treningsgruppa: Magnus Eide, Vebjørn Røssland, Vegar Hoff, Henning Solheim, Vebjørn Holmedal, Erik Voster Solberg, Patrick Solheim Fjelland, Marius Quam, Ruben Saug, Simen Mehammer, Tobias Tvedten, Jonas Tazo, Nikolai Mayer, Sander Eik Vevik, Marcus Størksen, Oliver Lygresten, Rasmus Eik Sjo, Sindre Benjaminson, Håvard Vågen, Mikal Øvstebø, Daniel Normann (fast hospitant). I tillegg har hospitantane Tarmo Tars, Sander Dolonen Brækken og Ole Martin Byrknes vore med på nokre treningar i haust. | | | Gutane hadde som vanleg ikkje noko vinterpause frå trening, anna enn rundt juletider. Treningsoppmøtet har stort sett vore veldig bra, slik at ein har kunne gjennomføra øktene som planlagt. 3 treningar i veka er ikkje meir enn kva ein minimum må ha i denne alderen, men fleire har og hatt mulighet til å trena med A-lag/juniorlag i tillegg. | | | Trio/Halsnøy1 blei påmeldt i 2. div Hordaland. For eit lag beståande av stort sett 15-åringar så visste me at ein skulle få nok å bryna seg på. Men, skal ein bli betre så nyttar det ikkje å ta enkle snarvegar. | | | Og at nivået var relativt høgt fekk ein erfara allereie i fyrste kamp, borte mot Loddefjord1. Tap 6-0 mot eit lag som var oss overlegne fysisk. Me håpa at dette var eit av topplaga når kampen var over (noko det og var). Gutane fekk heldigvis retta litt på sjølvtilliten i neste kamp, då dei slo Eikelandsfjorden 2-1 på Kvednabekkjen. Totalt spela ein 11 kampar på våren. Fasiten blei 4 sigrar og 7 tap, med 25-36 i målskilnad. Kvaliteten på det me presterte var veldig varierande. Ein kunne ha veldig gode 1.omganger, for så å falle saman som korthus etter pause. | | |  | | Erik har vore ute med skade om lag heile sesongen. |
Mot slutten av vårsesongen fekk me og ein del alvorlege skadar. Henning brakk handleddet og Magnus fekk både skule- og fotballforbud etter kraftig hjernerystelse i kampen mot Nymark. I tillegg så sakna ein langtidsskadde Erik på laget heile sesongen. ' I sommar stilte ein og med to 7arlag under Norway Cup. Fantastisk kjekk gjeng å reisa på tur med, som alltid. Begge lag vann alle sine kampar i puljespelet og gjekk direkte til 1/16-dels finale i A-sluttspelet. | | | Lag 1, som hadde imponert med å slå det brasilianske laget Campo Redondo FC i gruppespelet, møtte libanesiske «menn» i Alshabab Lebanon i 1/16-dels finalen. Det såg lenge ut til at ein skulle klare avansement, etter å ha leia 1-0 og ført kampen. Men overmakta blei for stor mot slutten av 2.omg og ein tapte 1-2. | | | Lag 2 vann«gjørmekampen» mot Nordreisa IL 2, og kom seg vidare til 1/8-dels finale, der dei møtte det sterke tyske laget Egernförde UF. I ein fantastisk spennande kamp, der gutane utlikna rett før full tid til 2-2, men tapte på «golden-goal». Uansett veldig god prestasjon av heile laget! | | | Om det blirNorway Cup i 2016, så kjem ein i alle fall til å stilla med eit 11erlag. Så får ein sjå om ein også då kan gå til A-sluttspel, slik denne gjengen har gjort med 2 lag i 2014 og 2015. | | | Haustsesongen opna med 2-4 seier borte mot Lyngbø, men me kom raskt ned på jorda igjen når ein møtte sterke Loddefjord heime i neste kamp, der det blei 1-5 tap. Dette tapet blei egentlig symptomatisk for heimekampane denne hausten. Me møtte alle dei beste laga heime og tapte alle 5. På bortebane klarte ein seg utan tap, med 2 sigrar og 3 uavgjort. | | | I slutten av oktober deltok me på Haugesund Sparebank cup. Me var påmeldt i 15-års klassen, der fleire av laga til dagleg spelte i eliteklassen i Rogaland (tilsvarer 1.div i Hordaland). Innleia gruppespelet mot eit veldig sterkt Vard-lag og tapte fortent 3-0. Reiste oss igjen eit par timar seinare, då ein slo Forus/Gausel 3-1. Siste gruppespelskamp mot Fyllingsdalen, blei dessverre ein veldig svak kamp frå vår side. Tap 2-0, mot eit lag som ein burde spelt jamt med på ein normal dag. Ein hadde håpa å kunne nå A-sluttspel før turneringa starta, men kvaliteten på det me presterte svara ikkje heilt til forventningane. Dermed blei det semifinale i B-sluttspelet, der ein møtte Haugar 1. I ein kamp der me stort sett var det førande laget, stod det 1-1 etter full tid og ekstraomganger. Og av alle ting, så skulle vidare avansement avgjerast på myntkast! Me valgte feil side av mynten og var dermed utslått. | | | Resultatmessig så har ikkje sesongen vore noko «høydare». Men det var heller ikkje å forventa med så mange 1.års gutespelera. Me velger å tru at ein har fått god matching gjennom sesongen og at ein på den måten har utvikla seg. Interessa for å delta på trening og å spela fotball er veldig bra. No gjeld det å sørge for at ein har stor kvalitet på det ein foretar seg på trening – og ikkje minst gjennom egentrening. Da er ingen snarvegar til å bli ein god fotballspelar, bare hardt arbeid gjennom egeninnsats. | | | Det er små marginar i fotball og ein ser at laget kan spela jamt med mange av dei motstandarane ein har møtt, om ein er «på» og har rett innstilling. Med auka forståelse for spelet, og kanskje mest bevegelse med og utan ball, så har me stor tru på at laget kan ta større steg i 2016. | | | Elles så erdette ein veldig samansveisa gjeng. Godt humør på turar og mykje moro. At laget er satt saman av spelera frå to ulike klubbar er ikkje lett å sjå. Takk til foreldre som stiller opp og hjelper med både køyring og organisering rundt laget. Takk for i år gutar! | | | - Verner og Bjarte | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |