Trio er 70 år - gratulera med dagen! |
 | | Rette anlegg gjev auka aktivitet og meir idrettsglede. |
|
| |
| Trio vart skipa i Friheim søndag 27. januar 1946. I dag fyller klubben vår 70 år. Gratulera med dagen! Trio er ein vital 70-åring. Frå den søndagen i Friheim for 70 år sidan - og fram til i dag, så er det breiddeidretten som har vore overskrifta for Trio sitt arbeid. Rett nok var dei første 20 åra mest retta mot eldre ungdom og vaksne. |
| |
Fotballen var det som samla dei tre fotballaga på Sunde, Valen og Husnes. Før skipingsmøte 27. januar 1946 var det i alle fall eit samrådingsmøte. Der var brei semje om samanslåinga. |
| |
Trio fekk namnet sitt etter ein namnekonkurranse. Far til Rikard Pedersen, Nils, føreslo Trio - og slik vart det. Premien var eit medlemsskap i det nye idrettslaget. Medlemsskapet gav Nils Pedersen til sonen Rikard. Rikard skulle elles vera godt kjend for dei fleste familiar i Trio-familien. |
| |
Fotballen har vore den største aktiviteten frå skipinga og fram til i dag. Men, ski og skeiser var svært aktive grupper på 50- og 60-talet. Opsangervatnet var ein naturleg samlingstad der det vart gått mange, mange rundar, - og her var alle aldersklassar med, gutar og jenter, menn og damer. |
| |
Friidretten hadde og sin plass frå starten av. Særleg på Husnes var det stor aktivitet i Små-Oldrane. |
| |
På Valen spela dei fotball der Valeparken ligg i dag. I 1951 bygde sjukehuset grusbanen og den vart samlingsarena for alle Trio-aktiviteter. |
| |
Etterkvart som skuleutbygginga auka på kom det nye gymnastikksalar som gav rom for auka aktivitet. Då kom jentene og damene meir med og det vart etterkvart stor aktivitet i turngruppa. |
| |
Tidleg på 60-talet var orientering ein stor idrett i Trio. Det vart laga kart både over Kaldestadåsen og Bjellandsmarka. |
| |
Volleyball kom til på 70-talet og var ei stund den store idretten i Trio. Særleg etter at Husneshallen kom fekk denne idretten betre vilkår og utvikling. |
| |
Symjesporten fekk tidleg plass då symjehallen vart bygd ved Undarheim skule. Denne idretten har hatt dei same rammebetingelsane i over 40 år. Dei årlege Trio-stemnene var ein av dei store marknadsførarane av klubben og Husnes. |
| |
Den største marknadsføraren av Trio og Husnes i dag er utvilsamt Husnes Cup.
Ei kort tid var det ei basket-gruppe i gang i Husneshallen, men det var ikkje lenge. |
| |
Trio var og tidleg ute med å tenkja på å nytta Opsangervatnet. Det vart såleis skipa ei ro- og padlegruppe. Denne vart det aldri heilt trøkk i og Kvinnherad Roklubb vart ein naturleg vidareførar av rosporten. |
| |
Anlegg har vore viktige. Trio har i alle år 'vore på høgget' med å leggja tilhøva til rette for utøvarane sine. |
| |
Før Trio vart skipa var det dugnad og handamakt som rådde for å ei nokolunde slett flate til fotballen, både på Jona-stølen i Røyrvikjo, på Øyro på Husnes og på Valen. Kravet til anlegg har auka sterkt, både frå utøvarane, forbund og styresmaktene. |
| |
Trio vaks i takt med utbygginga på Husnes. For å halda kontakt med medlemane kom medlemsbladet 'Kontakt' ut til medlemane første gong i 1969. Kontakt kom ut siste gong i 2010. |
| |
Trio har vore aktivt med på mange ulike vis med bygging av gymsal og symjehallen på Husnes, gymsalane på Sunde og på Valen. Trio var ein tung pådrivar for bygging av Husneshallen. |
| |
Grusbanen på Husnes stod klar i 1970 og Husnes stadion i 1975. |
| |
Utvikling av fotballanlegga har hatt mange fasar siste 40-50 åra. Trio var pådrivaren for lysanlegg på valenbanen på 70-talet. På Grusbanen på Husnes har klubben bygd først eit lysanlegg og så bygd eit nytt med endå betre lys. |
| |
Grusbanen på Husnes stod klar i 1970 og Husnes stadion i 1975. |
| |
Triohuset vart opna i 1986 etter ei byggjetid på fire år. Det gav klubben ein ny arena som samla medlemane på ein heilt ny måte. Før det hadde Trio kontor i Samfunnshuset der du ser storskjermen i ungdomsklubben i dag. Større møte og samlingar var på Husnes hotel. |
| |
Trio har og vore med å byggja tribuneanlegg i tre fasar. Den siste utvilsamt den største og mest omfattande. Tribunehuset er bygd av Triofolk. |
| |
Kvednabekkjen er eigd av Trio. |
| |
Rehabiliteringa av Husnes stadion er trumfa fram av Trio-krefter i tett på 10 år før anlegget stod ferdig sommaren 2014. Turvegen med flott flaumljos i Lunden, er ein følgje av rehabiliterina av stadion. |
| |
Trio er no med i prosjektet med å byggja ein ny sandbane mellom ungdomsskulen og Kvednabekkjen. |
| |
I sum har Trio vore pådrivar for å få realisert anlegg for over 30 millionar kroner pr. idag. |
| |
Trio har og planane klare, og økonomien på plass, for å byggja ein ny kunstgrasbane på grusbanen. No er det berre rådhuset som skal seia ja. Når det 'ja' kjem, kan banen vera klar på 3-4 månader. |
| |
Det mest spanande utfordringa som er i støypeskeia no, er ein ny storhall på Husnes. Her og er Trio i førarsetet. |
| |
Gratulera med dagen! |
| |
Svein R-. |
| |
| |
|
|
|