Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Aktiv helg for Trio/Halsnøy G16

Klikk på bilete for full storleik
 
Laurdag var det Trio Cup i Husneshallen og søndag treningskamp mot Etne på Kvednabekkjen. Begge dagar gav gode resultat og god trening i oppkøyringa mot 2016-sesongen.
 

Trio Cup

Me meldte på to lag med 7 utespelera på kvart og Vebjørn som stod i mål for begge. Dessverre var det ikkje lag frå Odda og Rosendal med, men Etne og Eikelandsfjorden stilte med relativt gode lag. Trio stilte ellers med 5 lag i alderen 15-16 i tillegg til våre to samarbeidslag.

 

5 innleiande kampar gav 9 sigrar og 1 tap for Etne 1. T/H 1 sleit lenge mot eit ungt Triolag i kvartfinalen, men fekk til slutt banka inn 1-0 nokre sekundar før slutt. Loc, som var keeper på mange lag gjennom turneringa stod som ein vegg.

 
Klikk på bilete for full storleik
Målmaskina Vegar avgjorde finalen.

I semifinalane spelte begge laga veldig bra, der T/H 2 slo Eikelandsfjorden og T/H 1 slo Etne 1. Begge med god margin. Finalen stod då mellom lagkompisar, der ein fekk lånt inn 'veggen' Loc til T/H 2. T/H 1 strakk det lengste strådet og vann 2-0 i ein velspelt finale. Gutane leia laga sjølv i finalen og det med bravur :-)

8 kampar på 9 timar kjennes i beina, men med fast rullering gjennom heile turneringa, så stod ein distansen godt. Rett nok var vel laga favorittar til å nå finalen, men kampane skal spelast og konsentrasjonen må vera på topp for å innfri. Den oppgåva greide dåke bra!

 

Trio/Halsnøy G16  - Etne G16:

Søndag var det klart for fyrste treningskamp i 11arfotball for sesongen. Etne hadde overnatta på Husnes etter cupen laurdag, og stilte med i overkant 20 spelera. Begge lag hadde nok spelera med litt tunge bein. Vergudane var med oss heilt til 5 min før start, då det kom ei skikkelig haglbyge som farga feltet kvitt. Men da var ikkje verre enn at det gjekk fint å spela fotball.

 

Gutane tok kommandoen frå start og pressa Etne bakover på banen. Fleire tilløp til flotte angrep, men det knytte seg litt framfor mål. Dette er noko me har slitt med ei tid nå, men som me må få orden på utover vinteren... Håvard hadde vel den største sjansen frå 5 meter, men smalt ballen rett i keeper.

 

Ellers fornøyd med framspel på venstresida, der Marcus kjem opp frå sin backposisjon og får lagt nokre flotte innlegg. Med litt meir hell/dyktighet i avslutningane, så hadde me fått nokre mål utav det og. 

 

5 min før pause kjem endelig målet. Nydeleg spel på 1-touch frå midtbanen, der Erik sender ein flott ball gjennom til Ruben, som stormer mot mål og set den kontrollert forbi keeper. Dermed 1-0 til pause.

 

Me har hindra nesten alt av spel frå Etne si side. Eit par hurtige overgangar der me er litt uorganiserte og uoppmerksame er vel det einaste. Fokuset i pausen er å få spelerane til å våge litt meir i avslutningsfasen. Litt for mange er skuddredde frå gode posisjonar.

 

2.omgang begynner litt rotete. Ein får ikkje etablert noko godt spel og det er mykje balltap, utan at Etne klarer å skape sjansar. Men, ein har iallefall begynt å skyta meir, så litt høyrer nå ein på oss og.

 

Og etterkvart så begynner spelet å sitta også. 17 min ut i kampen kjem kampens vakraste angrep. Sindre vinn ballen på egen halvdel og legg i støtte til Oliver på kant. Han slår ein nydeleg pasning opp langs høgrekanten til Håvard, som etter eit par touch banker ballen inn foran mål. Der kjem Erik på eit kjempeløp og hamrer ballen i nota, 2-0. Rørande flott gutar:-)

 

Nå blei det 'ketchupeffekt', for på dei neste 16 minuttane scora gutane 3 mål til. Fyrst 3-0 ved Niko etter gjennomspel av Erik, så 4-0 ved Håvard etter pasning frå Patrick og tilslutt 5-0 ved Håvard igjen, etter godt forarbeid av Marius.

 

Godt gjennomført kamp, der ein får verdifull kamptid og møter ein motstander som iallefall i 1.omgang gjer at me må vera 100% konsentrert. Når det er sagt, så blir nok motstanderane i serien noko hvassare (håpar me). Ein del får prøva seg i ulike posisjonar på banen. Det tar tid å bli vant med nye posisjonar, så der er nok litt av forklaring til at det til tider 'kladder' litt. Men heilt fram til sesongstart vil me nok prøva litt forskjellig for å finna den beste 'formelen' for kvar enkelt.

 
Klikk på bilete for full storleik
Endeleg tilbake: Erik.

Ellers spesielt glad på Erik V. Solberg sine vegne denne helga. Etter nesten 1,5 år utan kamptrening grunna stygg kneskade, gjorde det nok godt å vera tilbake og bidra slik me veit du kan. Og når adrenalinet koker og vinnarinnstinktet slår inn, så forsvann den psykiske sperra og :-)

- Verner og Bjarte

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart