Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Vinterens høgdepunkt

Klikk på bilete for full storleik
Vinnarlaget Trio/Halsnøy 1 framme og 2.plass til Trio/Halsnøy 2 (bak). Foto: Verner Fjelland.
 
Trio Cup for dei eldste ungdomsklassane gjekk av stabelen i Husneshallen laurdag. Her var det topp stemning og fartsfylt gutefotball frå tidleg til seint.
 

Grunna blant anna konkurrerande arrangement i Bergen og på Stord, så var deltakinga noko mindre enn vanleg. Ikkje nok påmelding til å få til jenteklasse denne gongen, og det betydde at dei 12 påmeldte laga i guteklassen fekk høve til å spele ekstra mange kampar. Fordelt på to puljer a 6 lag, vart det heile 5 innleiande kampar og for dei som tok seg gjennom heile sluttspelet, totalt 8 kampar. I tillegg til våre lag var klubbane Etne, Halsnøy og Eikelandsfjorden representert. Særleg kjekt med laga frå utanfor kommunen, som også er lag vi relativt sjeldan møter i seriespel.

 
Håvard Vågen på TH2 var turneringas kanskje beste spelar.

Sjølv har vi enorm breidde i guteklassen i år, faktisk er heile 4 lag (alle 11ar) meldt på i seriespelet. I helgas innecup utgjorde desse heile 7 lag. Førstelagsgruppa vår, som er samarbeidslaget Trio/Halsnøy (rein 16-årsgruppe), utgjorde lag 1 og 2. Desse held eit veldig høgt nivå og tok nær som forventa dobbeltsiger i cupen. Den andre 16-årsgruppa vår utgjorde Trio 3 og Trio 4 på cupen, medan 15-årsgjengen utgjorde Trio 5, 6 og 7. Sistnemnte Trio 7 hadde grunna sjukdomsfråver lånt inn eit par 13-åringar, og desse beit veldig godt frå seg mot betydeleg meir storvokst motstand.

 
Storspel av kaptein på Trio 7, Espen Aakre Sjo.

Etne fekk alle sine tre lag vidare til kvartfinale. Etne 1 vann ein prestisjefylt kvartfinale mot Etne 2, men i semifinalen vart det stopp mot Trio/Halsnøy 1, som vann solide 5-0. Trio/Halsnøy 1 sleit faktisk meir i kvartfinalen, der eit særs godt kjempande Trio 7 berre var vel 10 sekund frå å halde dei til 0-0 og straffekonkurranse. Men då sette Ruben Saug inn sigersmålet som tok favorittane vidare. Det skulle faktisk ikkje bli trong for straffekonk ein einaste gong i cupen.

 
Loc Nguyen storspelte i mål både for Trio 3 og for eit par andre lag han vart utlånt til løpet av cupen.

Eikelandsfjorden tok seg til semifinale, men også dei møtte veggen i form av Trio/Halsnøy (0-2). Her var det lag 2, som dermed var finaleklare og skulle møte lagkameratane. Det vart ein prestisjekamp, der trenarane sette seg på tilskodarplass og let gutane sjølve gjere opp om pokalen utan innblanding. Det var lenge spanande, inntil den som scorar minst av alle, sendte førstelaget i føring. Vegar «Tigana» Hoff var på plass framom mål og krona verket etter eit strålande angrep. På tampen punkterte Erik Voster Solberg kampen med å setje inn 2-0. Erik er endeleg attende på banen etter halvanna år på sidelinja med kneskade. Dermed kunne Trio/Halsnøy 1 løfte den største pokalen.

 

Neste helg er det ny turnering. På søndag blir det lang dags ferd mot natt når 13-14-åringane skal i aksjon. Heile 26 lag er påmeldt i 3 klassar. 14-årsgutane skal grytidleg i aksjon, før jenteklassen spelar midt på dagen og på ettermiddag/kveld er det endeleg G13-klassen sin tur. Det heile er ikkje avslutta for nærare kl 22 på kvelden.

 
 
Resultater frå kampane.
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart