Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Fotball i 14 timar

Klikk på bilete for full storleik
Vinnarlaget i G14: Trio 2. Frå venstre Magnus Tera, Lars Olderkjær Larsen, Emil Voster, Daniel Normann, Martin Hjelmeland Arnesen, Torstein Olderkjær. Foto: Per Einar Gjerding.
 
Med heile 26 påmeldte lag vart dagens Trio Cup av det lange slaget. 14-årsgutane rulla ballet i gong allereie i 08-tida og finalen i G13-klassen var ikkje ferdig før kl 22. Nokre fleire bileter kjem i morgon.
 
Klikk på bilete for full storleik
Sølvvinnar Odda Rød.

I G14-klassen var 7 lag med og det betydde 4 innleiande kampar til kvart av laga. Her var Trio sine to lag best, begge med 4 strake sigrar. Odda fekk også med to lag til semifinale, etter at alle dei tre laga deira endte på 6 poeng og målskilnaden avgjorde innbyrdes rekkefølge. I semifinalen var Trio 2 overlegne, medan Trio 1 spelte jamnt med Odda rød. Her vart det til slutt uavgjort, og Odda vann 1-0 i antal corner. I finalen var Trio 2 eit hakk betre og vann 3-0.

 
Klikk på bilete for full storleik
Odda 2 vann jenteklassen.

I jenteklassen var det 8 lag med og her kom ingen av Trio sine to lag til semifinale. Det gjorde derimot Rosendal sine to lag, som til og med møttest i semifinale. Den vart avgjort på antal corner, medan Odda 2 slo Halsnøy 2-0 i den andre semifinalen. Finalen vart jamn og spanande og etter at Rosendal/Uskedal 7 Girls tok leiinga, utlikna Odda 2. Det endte 1-1 og Odda vann på antal corner.

 
Klikk på bilete for full storleik
Harding vann G13-klassen.

Så var det G13-klassen sin tur. Her var det heile 11 lag med, 6 av desse frå Trio. Heile 4 av våre tok seg vidare til kvartfinale, men der rauk samtlige ut i tur og orden. Dermed vart det Harding som slo Halsnøy 3-0 i eine semifinalen, før Odda 3 slo Odda 1 heile 5-1 i den andre. Hardinggutane hadde sett sterkast ut til då, og hadde kun vore truga i kvartfinalen, der Trio Husnes 2 bydde dugeleg motstand. Harding var difor også favorittar i finalen og tok oppskriftsmessig leiinga 2-0.

 
Klikk på bilete for full storleik
Sølvvinnar i G13, Odda 3.

Men Odda 3 hadde meir på lager og både reduserte og utlikna. Utlikninga var sågar dagens mål, med ei perle i vinkelen. Likevel vart det Harding som fekk største pokalen, etter 3-2 på corner. Jamnare går det ikkje an å få det.

Finalelaga er neppe heime til midnatt og mange takk til arrangørstaben som sto på gjennom ein lang dag. Som vanleg gjekk turneringa særs velsmurd føre seg.

 
Klikk på bilete for full storleik
Rosendal/Uskedal snøuglene tok sølv i jenteklassen.
 
Resultater frå alle kampane.
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart