Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Nokre hakk for små

Klikk på bilete for full storleik
 
G16: Trio 3-Rosendal 0-11. Det yngste gutelaget vårt i år er G16-3 eller G15 (kjent barn har mange navn, som Arne Scheie sa det). Vi er reint 15-årslag, sågar med eit par 14-åringar, og då var det å rekne med at Rosendal sitt sterke lag vart eit par hakk for store.
 

Rosendal har ei god 2001-gruppe som vi har slite med i åra før og, og når dei er forsterka med ei god handfull 2000-modellar, bør dei vera eit par hakk betre enn oss. Dei har sågar tre spelarar som fekk juniorerfaring alt i fjor. Sjølv var vi litt redusert av eit par fråver, ergo vart kampen heller tøff. Det endte 0-11.

 

Vi spelte tre omgangar a 25 minutt. Den første var heller svak for vår del. Ok i periodar, men vi lukkast i liten grad med det vi skulle fokusere på. I målprotokollen heldt vi bra tritt bortsett frå tre baklengs på tre minutt midt i omgangen. Det fjerde kom på tampen.

 

Andreomgangen var betre. Her hang vi bra med og byrja å yppe oss framover i banen også. Mathias kom nærast med eit stolpeskot. I staden var det Rosendal som scora tre kjappe på dei siste fem minutta.

 

Sisteomgangen vart nok den svakaste av begge lag og bar preg av at begge lag byta mykje. Rosendal scora to mål tidleg, og to til på overtid i ein omgang som vart på 30 minutt. Dermed 0-11 på tavla til slutt.

 

Tarmo og Ole Martin var dei som viste best igjen på laget i dag, men det skulle også berre mangle! :)

Neste veke er det ny treningskamp, då kjem Odda 2 på besøk.

Kampfakta frå Kvednabekkjen

G16: Trio 3-Rosendal 0-11 (0-4, 0-3, 0-4)

 

Trio sitt lag:
Tormod Sund Vårdal, Simen Hellevik Lie, Tarmo Tars, Ole Martin Byrknes, Robin Steinsletten, Gaute Thorkildsen, Sander Dolonen Brækken, Mathias Gjelseng, Vegard Fausk, Samson Nyrud Uppheim, Benjamin Skarveland.

Innbyttarar: Vegar Teigen, Eirik Kjerpeseth Rusten, Anders Solheim Dyrhaug.

 

- Trenar Are Ulseth

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart