Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Siger mot Stord

Klikk på bilete for full storleik
 
G16: Stord 1-Trio/Halsnøy 1  1-2. Tirsdagens treningskamp mot Stord enda med 2-1 seier for gutane på Trio/Halsnøy G16.
 

Stord G16-1 er påmeldt i 1.div i Hordaland (øverste nivå), og skulle vera ein god peikepinne på korleis våre gutar står i forhold håpet om å kjempa på øvre halvdel av 2.div. Etter fleire tette og jamne kampar i alderen 13 og 14 år, så spela ein ikkje mot kvarandre i 2015-sesongen. Stord sin 2000-årgang var då i Rogaland (G15), medan me var i Hordaland (G16). Kjekt med eit gjensyn :-)

 

Gutane tok tak i kampen frå start og hadde eit bra overtak på Stord. Ein var agressive i presset og tvinga fram feil frå motstander. Da mangla litt på å omsetja overtaket i dei heilt store sjansane fyrste 15 min, men nokre halvsjansar blei det. Etterkvart fekk ein litt større balltempo mellom lagdelane og ikkje minst blei ein flinkare til å halde bredde og snu spelet hurtigare, slik at det opna seg større rom. 

 

21 min ut i kampen vinn me ballen ute på høgre side av midtbanen. Spelet blir snudd via midtbanen og ut mot venstre i godt tempo, der Ruben stormer mot mål. Han drar ballen innover i banen før han fyrer av eit skot, som går via ein motspelar og i fin bue over keeper, 0-1! 

 

Nå trykker gutane skikkelig på og Stord slit med å koma over midten. Etter hurtig pasningspel, får Erik ballen med seg inn til dødlinja, like ved 5meter. Han slår flott 45 grader ut til Ruben, som smell ballen i motstander/keeper. Ballen går ut til Erik igjen, som gir Ruben ein ny pasning og denne gang ligg den i nettet, 0-2! 

 

Siste halvdel av 1.omgang er veldig god. Veldig høg aggessivitet i press, bra balltempo og til tider flotte frispelingar. Med litt meir hell kunne ein nok fått eit par mål til. Håvard, Erik, Niko og Patrick hadde alle gode muligheter. Det som kanskje mangla var meir aktivte backer på overlapp. Stord kjem til ein sjanse, der ballen stryk like over tverrligger. Utanom det så stoppar ein framspela greit.

 

2.omgang starter nokså tafatt av oss. Da er sjeldan noko fordel å ha pause når ein er inne i gode periodar i ein kamp. Den gode 'modusen' blir nullstilt og ein må starta opp igjen. Stord kjem nå til fleire sjansar etter mange unødvendige balltap og relativt labert press. 10 min ut i omgangen mistar me ballen i oppspelsfasen og Stord speler fri hurtigtoget sitt på topp. Han set ballen kontrollert i mål bak Vebjørn, 1-2. 

 

I dei fyrste 15 minutta av omgangen kunne Stord med litt meir hell/kvalitet utlikna fleire gonger. Heligvis tok gutane tak i kampen etterkvart og fekk etablert meir spel på Stord sin halvdel. Dei største sjansane fekk me på corner/dødball, men me var altfor tamme framfor mål når gode innlegg blei servert. Allikevel hadde ein 2stk 100% sjansar etter innlegg. Fyrste redder Stord på streken etter knallhard heading av Patrick frå 5meter. Litt seinare slår Vebjørn eit flott innlegg til ein umarkert Rasmus, som header ballen like utanfor motsatt stolpe. 

 

Mot slutten pressar Stord på for utlikning og kjem svært nære ved nokre anledningar, men gutane rir av stormen og tar med seg ein god seiersfølelse heim (og til McDonalds sitt toppidrettssenter...)

 

Ikkje alt var like bra gjennom 2x40min, men alt i alt ein bra gjennomført kamp. Alle likar å vinna, men da er og viktig å sjå etter utvikling som lag og som enkletspelar. Noko av det me øver på gjennom trening ser me forbetringar på, medan andre element ser ut til å vera tyngre å ta til seg. Me er fortsatt i oppkøyringa til sesongen gutar, sjølv om seriestart nærmar seg raskt. Det er fortsatt god tid til ein del forbetringar og ikkje minst vidareutvikle da som fungerer bra. 100% fokus på trening og litt egeninnsats utanom bør gjera oss godt forberedt. Neste kampar er under Stord Cup 5. og 6.mars, der da blir 2 kampar kvar dag. Då skal me heva oss endo nokre hakk. Da har laget kapasitiet til.

 

Trio/Halsnøy sitt lag:

Vebjørn R., Vebjørn H., Vegar, Henning, Oliver, Erik, Patrick, Simen, Niko, Ruben, Marius, Håvard, Marcus, Sindre, Rasmus og Sander.

 

Mål: 

0-1 (21) Ruben (erik)

0-2 (27) Ruben (erik)

1-2 (51)

 

- Verner og Bjarte-

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart